CPI

Wikimedia-listeartikkel

Corruption Perceptions Index (CPI) er ei årleg måling som Transparency International[1] har gjort sidan 1995, og som rangerer landa i verda etter «i kva grad korrupsjon er oppfatta å eksistere blant offentlege tenestemenn og politikarar».[2] Organisasjonen definerer korrupsjon som «misbruk av tillit ein er gjeven til personleg vinning».[3]

Kart med fargeskala for korrupsjonsindeksen for 2019.

I 2003 dekte undersøkinga 133 land, og i 2007 var 180 land med. Dess høgare poengsummen er, dess mindre er (den oppfatta) korrupsjonen. Resultata viser at sju av ti land (og ni av ti utviklingsland) har ein indeks på mindre enn fem av ti poeng.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Corruption Perception Report accessed on January 9, 2007
  2. «Frequently Asked Questions: TI Corruption Perceptions Index (CPI 2005)», innhenta 22. januar 2011.
  3. «Global Corruption Report 2007», innhenta 22. januar 2011.