Cabécar er eit chibchansk språk som vert tala av ein stad mellom 2000 og 9000 menneske i Talamanca-regionen i det sørlege Costa Rica. Det er dermed eit av dei to største indianske språka i Costa Rica, saman med bribri, som det er nært beslekta med.

Cabécar skil mellom orale og nasale vokalar, og har i alt 12 vokalfonem og 14 konsonantfonem.

Det er to dialektgrupper av cabécar, nordleg og sørleg, som vert delt inn i to dialektar kvar.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre