Kabriolet
(Omdirigert frå Cabriolet)
Kabriolet (av fransk cabriole, «bukkesprang») er ei karosserinemning for ein bil med kalesje eller metalltak som kan slåast ned.
Til skilnad frå ein roadster, som òg har nedfellbart tak, har ein kabriolet vindauge, slik at ein med vindauga oppsveiva og taket oppe sit verna for regn og liknande.
I barndommen til bilane var alle bilar kabrioletar, og det var ikkje før i 1910 at Cadillac kom med den fyrste overdekte bilen. Utanom visse konservative produsentar forsvann kabrioletane nesten heilt på 1970-talet, og det var ikkje før med Chrysler LeBaron og Saab 900 på 1980-talet at dei fekk ein tilbakekomst.
Før bilane kom, var «kabriolet» nemninga på eit lett, to-hjula, einspent hestekøyretøy som hadde kalesje over setet.