Tak på ein bygning er fyrst og fremst den eller dei øvste tekkjande konstruksjonane på bygningen. Dessutan vert nemninga tak nytta i daglegtale om det som på fagspråket heiter himling, dei vil seie skiljet mellom rommet i bygningen og sjølve takkonstruksjonen, eller undersida av skilja mellom etasjane i bygningen. Til dømes vert nemninga kjøkentaket eller taket i kjøkenet nytta om himlingen i kjøkenet. Tilsvarande gjeld for andre rom, og for himlingane i dei einskilde etasjane høve til kvarandre, som taket i kjellaren, taket i fyrste etasje osb.

Tromsø bibliotek har eit tak som gjer det lett gjenkjenneleg.
Foto: Lars Tiede
Ulike taktypar i Antananarivo på Madagaskar.
Foto: Bernard Gagnon

Det ytre taket kan ha særs ulike utformingar frå bygning til bygning, og med takflatene tekte med materialar av ulike slag for å halde dei tette mot vêr og vind, og dessutan kan hende gje eit særs staseleg inntrykk.

Ordet «tak»

endre

Nemninga «tak» vert òg nytta på tilsvarande vis om anna enn taket i eller på bygningar: taket på ein bil, taket på vognene i eit jarnbanetog osb. Ein talar òg om tak i naturlege grotter eller holer, eller i utsprengde fjellrom og tunnelar.

Taket er eit av dei elementa i bygningen som vert nytta som bilete i ymse samanhengar for å gjere greie for noko: «Å stange hovudet i taket» tyder at ein ikkje kjem nokon veg med det ein har sett seg føre; at det er «stor takhøgd» eller «høgt under taket» i til dømes ein organisasjon eller eit politisk parti, tyder at det er rom for ulike meiningar og avvikande oppfatningar i organisasjonen, i motsetnad til i dei organisasjonane «der takhøgda er låg» eller «der det er lågt under taket»; «å setje eit tak på kostnadene» tyder å setje grensa for storleiken på kostnadene; «å bu under same tak» tyder å bu i same hus eller ilag med ein annan. I samband med høge fjell kan det verte tala i poetiske vendingar om tak, som til dømes at fjellmassivet Himalaya er «verdas tak», eller Galdhøpiggen er «Noregs tak».

Materiale

endre
 
Tretak i Thailand.
 
Tak tekka med skiferstein,

Som taktekking er nytta tilhogd skiferstein, metallplater (til dømes av koparblekk), takpanner av tegl (som kan vere farga og glaserte) eller av betong, takpapp i ymse variantar osb. Frå gamalt av har steinheller vore nytta som taktekking, eller høveleg tjukke, tilskorne trespon, som til dømes på taka på dei norske stavkyrkjene. Bjørkenever (bark frå bjørk) med eit lag grastorv over, såkalla torvtak, er òg ei taktekkingsmetode med lange tradisjonar, ikkje minst i Noreg. I moderne tid har ein omforma torvtak til ulike typar grønt tak med levande vekstar på.

Mange ulike plantemateriale har vore brukt oppå tak. Mange stader i Sør-Skandinavia og på kontinentet var det vanleg å tekke taka på bondegardane med takrøyr, eit to til tre meter høgt gras som veks i myrar, grunne sjøar og ved havstrender, og som under visse føresetnader er særs godt egna til taktekking om det vert handsama og lagt på plass på rett vis. I tropiske område der det veks palmetre har ein ofte nytta palmegreinene til å tekka tak med.

Hovudtypar av yttertak på bygningar

endre

I arkitekturen er taket på bygningen ofte nytta som eit viktig arkitektonisk element som skal samsvare estetisk med bygningen elles, og i aktuelle høve gjere sitt til å signalisere eller framheve den funksjonen og statusen som bygningen er meint å markere. På eit prestisjebygg kan taka gjerne ha vorte gjort til ein særs synleg part av bygningen, utforma med stor fantasi innanfor visse meir eller mindre faste grenser og i samsvar med visse formelle eller tradisjonelle reglar, og gjerne med dei kuplar, tårn og ymse dekorativt utstyr som høyrde tida til. Men innanfor eit stort register av variasjonar, kan ein rekne opp eit fåtal hovudformer av tak, nokre med særs lange tradisjonar:

  Saltak er eit tak der ei skrå takflate opp frå kvar av dei to sidene av bygningen møtast i eit møne øvst oppe. I båe endene av huset skapar taka eit trekanta veggfelt, ein såkalla gavl, der det til dømes kan plasserast vindauge for å sleppe dagsljos inn i loftsetasjen.
  Valmtak er ein slags «variant» av saltaket. Saltaket går ikkje over heile lengda av huset, men er kombinert med ei skrå takflate opp frå kvar av dei to kortsidene av huset, slik at gavlane vert erstatta med desse takflatene.
  Telttak er det dersom mønet på valmtaket er innskrenka til inkje, slik at alle dei fire skrå takflatene går opp i ein spiss, og får taket på huset til å likne på ein pyramide. Nemninga telttak syner til dei gamle pyramidetelta, som hadde kvadratisk grunnplan og ei einaste teltstong til å halde duken opp, plassert midt i teltet. Nemninga pyramidetak vert ofte nytta i staden for nemninga telttak.
  Halvvalmtak er ein variant av valmtak ved at skråtaka på kortsidene ikkje går like langt ned som på valmtak, slik at det vert ein slags avstumpa gavl på kortsidene.
  Mansardtak er ein slags variant av saltak. Takflatene har ein markert, langsgåande knekk av di taket er brattare nedst enn øvst. Det kan vere vindauge i dette bratte partiet for at loftet skal kunne nyttast til husvære.
Valma mansardtak eller kombinert valm-mansardtak er eit mansardtak som har takflater ned på alle fire sidene av huset på liknande vis som eit valmtak, men som altså lettare kan gje høve til å setje inn vindauge på grunn av dei bratte partia.
Halvvalma mansardtak er ein variant av valma mansardtak som svarar til halvvalmtak. Berre den øvste parten av mansardtaket finst på kortsidene av huset, slik at de vert ein slags avstumpa gavl på desse sidene.
  Pulttak er eit tak med berre ei takflate som har fall til den eine sida av bygningen.
  Flatt tak er eit tak som er horisontalt og jamt, men med avrenning som hindrar at nedbør kan trengje inn gjennom taktekkinga.
Skalltak er tak av ei tynn, armert betongplate som er forma i bylgjer for å kunne vere sjølvberande over eit stort areal mellom støttepunkta.
  Shedtak, eller «sagtanna tak», er tak som liknar litt på skalltak, men «bylgjene» er forma som vekselvis bratte og mindre bratte flater. Slike tak vert helst nytta på industribygningar. Ved å plassere vindauge i dei bratte partia, gjev denne typen tak høve til å ljose opp lokala under taket med dagsljos.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Tak