Caffaro
Caffaro er ei elv i nord i Italia i provinsen Brescia. Delar av elva renn langs grensa til provinsen Trento og ho munnar ut i Idrosjøen.
Caffaro | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Lengd | 25 km | ||
Kjelde | Passo del Termine | ||
Munning | Idrosjøen ved Ponte Caffaro | ||
• høgd | 368 moh. | ||
Caffaro 45°48′38″N 10°31′58″E / 45.810675°N 10.53271389°E | |||
Wikimedia Commons: Caffaro |
Elva har utspring ved Cornone di Blumone, ein fjelltopp i Dei rätiske Alpane, nær Passo del Termine i kommunen Breno i regionsparken Parco regionale dell'Adamello. Elva renn så gjennom Val di Caffaro og inn i Bagolino-området. Ho renn inn i Chiese like før ho munnar ut i Idrosjøen ved Ponte Caffaro.
Dei største sideelvane til Caffaro er Riccomassimo, Rio Frèi, Dazare, Bruffione, Lajone, Sanguinera, Vaia, Dasdanè, Racigande, Berga og Leprazzo.
Elva er ei viktig kjelde for vasskraftproduksjon i området.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Caffaro» frå Wikipedia på engelsk, den 19. november 2007.