Trento-provinsen

(Omdirigert frå Provinsen Trento)
Provinsen Trento
Nasjon Italia
Region Trentino-Alto Adige
Hovudstad Trento
Areal 6 207 km²
Folketal (2006) 504 824
Folketettleik 81/km²
Kommunar 223
Bilnummer TN
Postnummer 38100
Retningsnummer (tlf) 0461-0465
President Lorenzo Dellai
Plasseringa til Trento i Italia

Provinsen Trento (italiensk Provincia autonoma di Trento, Den autonome provinsen Trento) er ein av to autonome provinsar i regionen Trentino-Alto Adige i Italia. Byen Trento hyser provins-administrasjonen. Provinsen har eit areal på 6 207 km² og totalt 504 824 innbyggjarar (2006). I 2013 er det 217 kommunar i provinsen.

Regionen er kjend for fjella sine, som t.d. Dolomittane, som utgjer ein stor del av dei sørlege Alpane.

Geografi endre

Nesten heile provinsen Trento er dekt av fjell, med ein stor dal som kryssar dei sentrale områda. Dalen heiter Valle dell'Adige (Adigedalen), kalla opp etter elva Adige som renn gjennom han. Dei største byane i Trentino ligg i Adigedalen, som i alle tider har vore ein av dei store gjennomfartsårane mellom Italia og Nord-Europa. Andre dalar i provinsen er Val di Non, Val di Sole, Val Giudicarie, Val di Fiemme og mange andre.

 
Kart over provinsen Trento
 
Marmoladabreen

Dei største kommunane i provinsen:

Kommune Folketal
Trento 110 666
Rovereto 35 231
Pergine Valsugana 18 012
Arco 15 649
Riva del Garda 15 157
Mori 8 833
Lavis 8 157
Ala 8 071
Levico Terme 6 767
Cles 6 714
Borgo Valsugana 6 570
Mezzolombardo 6 339

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre