Cairn na Burgh Mòr
Cairn na Burgh Mòr (òg kalla Cairnburgh More) er ei av Treshnish Isles i Indre Hebridane i Skottland. Øya er ikkje lenger busett.
Cairn na Burgh Mòr | |
---|---|
Bilete av Cairn na Burgh Beg (til venstre) og Cairn na Burgh More til høgre | |
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°31′06″N 6°22′52″W / 56.518333°N 6.381111°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 0,0136 km²
|
Høgaste punkt | 35 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Cairn na Burgh Mòr er den største av to «Carnburgs», som er kallenamnet deira, nordaust i Treshnish Isles. Den andre er Cairn na Burgh Beag. Dei ligg ved innløpet til Loch Tuath på vestsida av Mull. Desse graskledde øyane er begge restar av gamle lavastraumar og har ein særeigen profil: Flat på toppen med klipper rundt. Det ligg nokre festningsverk i den graskledde skråninga på Cairn na Burgh Mòr. Her ligg òg eit slott og eit kapell.[1]
Øya er nemnd i Soga om Håkon Håkonsson (kap. 265) som Kjarnaborg.[2]
Gjennom historia har øya tilhøyrd klanane MacDougall, MacDonald og til sist MacLean. I dag tilhøyrer ho saman med resten av Treshnish-øyane Hebridean Trust.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Overview of Burgh More, Cairn na». Gazetteer for Scotland. Henta 30. juni 2019.
- ↑ Norges Kongesagaer. Sett om av Alexander Bugge. Kristiania: I.M. Stenersens Forlag. 1914. «741. Nu Cairnbourgh ved vestsiden av Mull»
- Denne artikkelen bygger på «Cairn na Burgh Mòr» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2010.