Cairn terrier
Cairn terrier er ein kortbeina liten terrierrase med opphav frå Skottland. Hunderasen oppstod i Dei skotske høglanda og Isle of Skye. Han har vore brukt som jakthund på rotter og til småviltjakt og som vakthund ved hus. Hunden er kjenneteikna av stri og grov pels som kan vera svart, gyllen, grå, brun eller brindle i ulike fargar, men ikkje kvit. Pelsen må trimmast regelmessig.[1] Halen er gulrotforma og står loddrett opp.[2]
Cairn terrier er kjend for å vere ein sunn hunderase med gjennomsnittleg levealder er 12-17 år. Hundane har høgt aktivitetsnivå og treng mykje mosjon. Terrieren er brukt både som brukshund og kjæledyr. Rasen er hardfør og er rekna som intelligent, men er ikkje kjend for å vere særleg lett trenbare.[3]
Kjelder
endre- ↑ Hunderase informasjon rasehund.no
- ↑ «Cairn terrier» (23. mars 2011). I Store norske leksikon. Fri artikkel henta 11. mai 2015.
- ↑ Hunderase informasjon hunderase.no