Cali

storby i vestlege Colombia, hovudstad i Valle del Cauca-departementet

Santiago de Cali, best kjent som berre Cali, er hovudstaden i Valle del Cauca-departementet i Colombia. Byen vart grunnlagt 25. juli 1536 av den spanske conquistadoren Sebastián de Belalcázar.

Cali
Utsyn over Cali
Utsyn over Cali
Utsyn over Cali
Byvåpenet til Cali
Styresmakter
Land Colombia
Mayor Rodrigo Guerrero Velasco
Geografi
Flatevidd 564 km²
Flatevidd
 - By

564 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)

2 400 653
Koordinatar 3°25′14″N 76°31′20″W / 3.42056°N 76.52222°W / 3.42056; -76.52222
Høgd over havet 1018 m
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +57 2
Heimeside: http://www.cali.gov.co/
Nettstad: www.Cali.gov.co
Plassering

Han er den folkerikaste byen i sørvestre Colombia, med om lag 2 319 655 innbyggjarar i samsvar med 2005-2020 DANE folketalsframskrivingar. Byen strekkjer seg ut over ca. 564 km² med 120,9 km² i byområdet. Dette gjer Cali til den tredje største byen i landet, bak Bogotá og Medellín, og han er i hovudsak ein by med låg bygningsmasse. Som den einaste store colombianske byen med tilgjenge til stillehavskysten, er Cali det urbane og økonomiske sentrum i sørvestre Colombia, og har ein av dei raskast veksande økonomiane i landet. Cali er òg kjent som hovudstaden for salsamusikk.

Cali er òg eit senter for idrett i Colombia, som den einaste colombianske byen har han arrangert dei panamerikanske leikane, det skjedde i 1971. Cali var vertskap for verdsmeisterskapen i bryting i 1992 og verdsmeisterskapen i banesykling i 2013.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Cali