Californiabukta (spansk Golfo de California, også kjend som Mar de Cortés og Mar Bermejo) er ei bukt i Stillehavet mellom Californiahalvøya og det meksikanske fastlandet. Ho har ein overflate på omlag 160 000 km². Dei meksikanske delstatatane Baja California, Baja California Sur, Sonora og Sinaloa har kyst mot bukta, med ei kystlinje på rundt 4000 km. Nokre av elvane som renn ut i bukta er Colorado, Fuerte, Mayo, Sinaloa, Sonora og Yaqui.

Californiabukta
bukt
Land  Mexico
Del av Nord-Stillehavet, Stillehavet
Lengd 1 126 km
Areal 160 000 km²
Kart
Californiabukta
28°N 112°W / 28°N 112°W / 28; -112
Kart som viser Californiabukta.
Kart som viser Californiabukta.
Kart som viser Californiabukta.
Wikimedia Commons: Gulf of California

Bukta er heim til over 5000 artar av mikroskopiske virvellause dyr, og er trudd å vera ein av havområda med størst biologisk mangfald i verda.[1]

Delar av bukta og øyar i henne er ein verdsarvstad, teken med på UNESCO-lista i 2005.

Øyar og verna område i Californiabukta (Islands and Protected Areas of the Gulf of California)

LandMexico
Innskriven ved UNESCOs 29. sesjon i 2005.
Referansenr. 1182.
Kriterium:VII, IX, X
Sjå ògVerdsarvstader i Latin-Amerika og Karibia
BakgrunnsstoffØyar og verna område i Californiabukta (Islands and Protected Areas of the Gulf of California) ved unesco.org


Kjelder

endre
  1. Ernesto Campos, Alma Rosa de Campos & Jesús Angel de León-González (2009). «Diversity and ecological remarks of ectocommensals and ectoparasites (Annelida, Crustacea, Mollusca) of echinoids (Echinoidea: Mellitidae) in the Sea of Cortez, Mexico». Parasitology Research 105 (2): 479–487. doi:10.1007/s00436-009-1419-8.