UNESCO (forkorting for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization) er SN sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur.

UNESCO
Logo UNESCO 2021.svg
April 2010, UNESCO Headquarters in Paris - The Garden of Peace (or Japanese Garden) in Spring.jpg
Skipa16. november 1945
DotterselskapUNESCO Chair on Cyberspace and Culture, Scientific Committee on Problems of the Environment, UNESCOs statistikkinstitutt, Iranian National Commission for UNESCO, Hylean Amazon Institute Sjå dette på Wikidata
Bransjeinternasjonal statlig eller ikke-statlig organisasjon
LandFrankrike Sjå dette på Wikidata
HovudkontorParis Sjå dette på Wikidata
UNESCO sitt flagg.

HistorieEndra

UNESCO vart stifta 16. november 1945 og konstitusjonen hans vart sett i kraft 4. november 1946 etter ratifisering av følgjande 20 land: Brasil, Canada, Kina, Tsjekkoslovakia, Danmark, Den dominikanske republikken, Egypt, Frankrike, Hellas, India, Libanon, Mexico, New Zealand, Noreg, Saudi-Arabia, Sør-Afrika, Tyrkia, Storbritannia, USA og Austerrike.

VirkefeltEndra

UNESCO verker innan felta utdanning, naturvitskap, sosial- og humanistiske vitskapar, kultur, kommunikasjon og informasjon. Organisasjonen arbeider for fred blant anna gjennom samarbeid, kommunikasjon og utveksling av idear mellom sine 190 medlemsland.

  • 190 land har etablert nasjonale kommisjonar som inneheld representantar frå undervisning, vitskap og kultursamfunn.
  • Omtrent 100 konsultative komitear, internasjonale kommisjonar og overnasjonale kontor har blitt oppretta for utføre spesielle oppgåver eller for refleksjonsformål.
  • 6 000 UNESCO-klubbar, foreiningar eller sentre sett fram organisasjonen sine ideal og handlar på grasrotnivå.
  • 6 700 utvalde skolar hjelper unge menneske å forme haldningar av toleranse og internasjonal forståing.
  • 330 ikkje-statlege organisasjonar opprettheld «offisielle» relasjonar med UNESCO. Mange andre samarbeider på tilfeldig basis med ulike sektorar.
  • Ei gruppe på 40 kjendisar – «goodwill»-ambassadørar – har gått med på å nytte sine talent og status for å hjelpe verda å fokusere på UNESCO sitt arbeid.
  • Over 300 foretak og organisasjonar i forretningssamfunn, nye partnarar som er forbundi til måla av varig haldbar menneskeleg utvikling og sosialt ansvar, samarbeider med UNESCO over hele verda.

VerdsarvEndra

UNESCO-konvensjonen om vern av verda si kultur- og naturarv av 1972 har som formål å sikre vern av kulturminnesmerke og naturområde som har stor betyding i verdsmålestokk.[1] 788 slike verneobjekt er hittil peika ut per juli 2004. I Noreg står Bryggen i Bergen (Tyskebryggen), Røros by, Urnes stavkyrkje, helleristingane i Alta og Vegaøyane i Nordland på lista over verdsarva.

KjelderEndra

  1. Centre, UNESCO World Heritage, «Convention Concerning the Protection of the World Cultural and Natural Heritage», UNESCO World Heritage Centre (på engelsk), henta 24. november 2022 

BakgrunnsstoffEndra