Opna hovudmenyen

Caligula av Romarriket

romersk politikar
(Omdirigert frå Caligula)

Caligula, Gaius Julius Cæsar Augustus Germanicus (31. august 1224. januar 41]), var den tredje keisaren av Romarriket, frå år 31 til 41. Han etterfylgde Tiberius av Romarriket. Namnet «Caligula» tyder 'den litle støvelen'. Han var den tredje keisaren i den julisk-klaudiske ætta. Han vart hugsa som ein despot på grunn av vellivnaden sin, og den sære, degenererte og råe framferda si. Den mest levande skildringa av livet hans er gjeven av historikaren Svetonius. Tacitus vil ikkje eingong nemne han, men det kan òg vere at skildringa hans er borte.

Caligula
Caligula RIC 0033 heads.png
Keisar av Romarriket
Regjeringstid18. mars 3724. januar 41
Fødd31. august 12 i Antium
FødestadAnzio
Død24. januar 41 i Roma (knivstukken)
DødsstadPalatinerhøgda
MorAgrippina den eldre
FarGermanicus
EktefelleMilonia Caesonia, Junia Claudilla, Lollia Paulina, Livia Orestilla
BarnJulia Drusilla
FøregangarTiberius
EtterfølgjarClaudius
Byste av Caligula av Romarriket

Det fyrste året som romersk keisar var Caligula vellukka. Men etter kvart stod han bak ei rekkje handlingar og ordrar som var både latterlege og skremmande. Han er seinare vorten kjend for å ha vore ein galen, despotisk tyrann. Han vart snikmyrda i 41 etter ei samansverjing av senatorar og fleire av vaktene hans. Caligula vart etterfylgd som keisar av Claudius I av Romarriket (Tiberius Claudius Nero Germanicus).

KjelderEndra