Opna hovudmenyen

Carl-Christian Halfvarsson, kjend som Calle Halfvarsson, (fødd 17. mars 1989) er ein svensk langrennar frå Sågmyra i Dalarnas län. Perioden 2013-17 vann han to VM-sølv og ein VM-bronse i 4 x 10 km stafett.

Calle Halfvarsson

Calle Halfvarsson 2014-09-05 001 (cropped).jpg

Statsborgarskap Sverige
Fødd 17. mars 1989
Falun
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

AktivEndra

Halfvarsson markerte seg internasjonalt fyrste gongen då han vart fjerdemann i 15 km fristil ved opninga av verdscupen i langrenn på Sjusjøen den 19. november 2011. Under Ski-VM 2013 i Val di Fiemme gjekk Halfvarsson inn til sjuandeplass både på sprinten og tremila, på 15-kilometeren vart han nummer 6. Han var òg ankermann for Sveriges sølvlag i 4 x 10 km stafett. To år seinare gjekk han i Falun inn til nytt VM-sølv i 4 x 10 km stafett, som i Val di Fiemme måtte han gje tapt på oppløpet mot Noregs Petter Northug. Individuelt i Falun-VM kom Halfvarsson som best på sjetteplass på 30 km. Tidlegare i 2015-sesongen vart han nummer 3 i i Tour de ski. I Ski-VM 2017 i Lahti berga Halfvarsson svensk bronse i 4 x 10 km stafett då han slo Sveits sin ankermann i innspurten. Under Ski-VM 2019 i Seefeld kom han sjetteplass på femmila.

Halfvarsson har pr 1.4.2019 vunne tre renn i verdscupen, to sprinttevlingar og ein 10-kilometer, alle tre renna etapperenn i såkalla tourar. Frå 2015 til -19 sanka han fem svenske meistertitlar.

KjelderEndra