Opna hovudmenyen

Calore Irpino eller Calore Beneventano er ei elv sørvest i Italia. Ho har utspring i Monte Cervialto (1 809 m) i fjella Monti Picentini i Appenninane. Elva startar frå provinsen Avellino og renn så inn i Benevento, før ho munnar ut i elva Volturno. I antikken vart elva kalla Calor.

Calore Irpino
elv
Benevento-Ponte Vanvitelli.jpg
Land Flag of Italy.svg Italia
Nedslagsfelt 3 085 km²
Lengd 108 km
Middelvassføring 31,8 /s
Kjelde Monte Cervialto i Monti Picentini
 - høgd 1 809 moh.
Munning Volturno
Wikimedia Commons: Calore Irpino

8. mai 663 var elva åstad for eit slag mellom ein del av hæren den austromerske keisaren Constans II, som hadde invadert den lombardiske Hertugen av Benevento, og hæren til kong Grimoald under Mitola, greve av Capua, og Grimoald sin son Romuald si leiing. Den austromerske hæren tapte slaget.

KjelderEndra