Opna hovudmenyen

Camille Flammarion

fransk astronom

Nicolas Camille Flammarion (26. februar 18423. juni 1925) var ein fransk astronom og forfattar.

Camille Flammarion
Camille Flammarion.003.jpg
FøddNicolas Camille Flammarion
26. februar 1842(1842-02-26)
Montigny-le-Roi i Haute-Marne
Død3. juni 1925 (83 år)
Juvisy-sur-Orge
NasjonalitetFrankrike
Yrkeastronom, skribent, aeronaut, science fiction-forfattar
EktefelleSylvie Petiaux-Hugo Flammarion
Gabrielle Renaudot Flammarion

Han var tilsett ved observatoriet i Paris 1858, ved Bureau des Longitudes frå 1862. I 1883 bygde han eit privatobservatorium i Juvisy-sur-Orge, der han utførte observasjonar av månen og planetane, særskild Mars. 20 år gammal skreiv han den første av fleire populære bøker om astronomi som vart omsett og lest over heile verda. Mest kjent er: Cosmogonie universelle; La pluralité des mondes habités (1862), L'Astronomie populaire (1880; siste franske utgåve kom i 1960, siste engelske utgåve i 1964), La planète Mars et ses conditions d'habitation (1893).

I 1889 grunnla han Société Astronomique de France.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra