Campbeltown Loch
Campbeltown Loch (skotsk-gælisk Loch Chille Chiarain) er ein liten sea loch eller fjord nær sørenden av Kintyrehalvøya på vestsida av Firth of Clyde. Byen Campbeltown, som fjorden er kalla opp etter, ligg inst i fjorden. Davaar er ei øy i fjorden som er mogeleg å nå til fots ved fjøre sjø.
Campbeltown Loch | |||
fjord | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Campbeltown Loch 55°25′00″N 5°33′00″W / 55.416666666667°N 5.55°W | |||
Wikimedia Commons: Campbeltown Loch |
Fjorden er tema i ei folkevise med same namn, gjort kjend av Andy Stewart i 1960-åra. I songen ønskjer songaren at fjorden var av whisky.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Campbeltown Loch» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2010.