Cape Lankester
Cape Lankester er eit høgt, avrunda, snødekt nes ved sørsida av innløpet til Mulockfjorden, langs vestkanten av Rossisen. Det vart oppdaga og namngjeve av Discovery-ekspedisjonen (1901–04). Det er truleg kalla opp etter sir Edwin Ray Lankester, direktør i Natural History Department ved British Museum (1898–1907) og grunnleggar av Marine Biological Association i 1884.
Cape Lankester | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 79°16′S 160°29′E / 79.267°S 160.483°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cape Lankester 79°16′00″S 160°28′59″E / 79.2667°S 160.483°E | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Lankester» (innhald frå Geographic Names Information System).