Cape LeBlanc
Cape LeBlanc er eit isdekt nes heilt nord på Noville Peninsula, som òg er det nordlegaste punktet på Thurston Island. Det vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter løytnant Ralph P. LeBlanc som var flykaptein under Operasjon Highjump på eit sjøfly som styrta 8 nautiske mil (15 km) sør for neset den 30. desember 1946. LeBlanc vart hardt skadd og var blant dei seks av ni ombord som overlevde styrten. Dei vart berga 12. januar 1947 av kapteinløytnant John D. Howell, som landa eit anna sjøfly i ope farvatn utanfor nordvestsida av Noville Peninsula.
Cape LeBlanc | |||
nes | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 71°44′S 98°46′W / 71.733°S 98.767°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cape LeBlanc 71°44′00″S 98°46′00″W / 71.7333°S 98.7667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape LeBlanc» (innhald frå Geographic Names Information System).