Cappelens musikkleksikon

Cappelens musikkleksikon er eit seksbinds leksikon på ca. 3500 trespalta sider, som vart utgitt i perioden 19781980J.W. Cappelens Forlag. Det byggjer på et samarbeid med Sohlmans musiklexikon, som kom ut i Stockholm tre år tidlegare. Store delar av artikkelstammen vart direkte omsett frå den svenske originalen av ei gruppe med 9 omsetjarar. I tillegg til dei internasjonale artiklane, inneheld leksikonet også mange nyskrivne artiklar om norsk musikkliv.

Redaksjonen har forsøkt å dekkje alle felt innan musikk og musikkliv. Meir enn 700 medarbeidarar har skrive dei om lag 17 000 artiklane i oppslagsverket. Artiklane er signerte. Redaktør var Kari Michelsen, i redaksjonsrådet sat Hampus Huldt-Nystrøm, Robert Levin og Gunnar Rugstad.

Kjelder endre