Caracalla
Caracalla var romersk keisar frå 211 til 217. Han delte det fyrste året makta med bror sin Geta, men fekk Geta drepen og minnet etter han fjerna (damnatio memoriae). Caracalla var den fyrste keisaren som gav romersk borgarrett til alle frie menn som var innbyggjarar i romarriket. Han hadde som keisar eit dårleg forhold til senatet.
Caracalla | |||
| |||
Fødd | 4. april 188 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lugdunum | ||
Død | 8. april 217 | ||
Dødsstad | Haran | ||
Gravstad | Castel Sant'Angelo | ||
Føregangar | Septimius Severus | ||
Etterfølgjar | Macrinus | ||
Gift med | Fulvia Plautilla | ||
Dynasti | det severiske dynastiet | ||
Far | Septimius Severus | ||
Mor | Julia Domna | ||
Born | Aurelia Antonina, Eliogabalo, Alexander Severus av Romarriket |
Caracalla vart sjølv drepen under eit felttog til Mesopotamia av gardeprefekten Macrinus. Macrinus fekk seg sjølv kunngjord som keisar etter dette.
Kjelder
endre- Jon W. Iddeng (2018). Romerrikets historie - keisertida 2. Dreyers Forlag Oslo. s. 320-24, 521. ISBN 978-82-8265-448-7. Wikidata Q127526259.