Opna hovudmenyen
Romersk relieff tolka som presenteringa av Caracalla til det romerske senatet.
Romersk denarius som viser fram Curia Julia, ein av senatbygningane.

Det romerske senatet (frå latin, eigentleg «forsamling av dei eldste», av senex, «gammal»)[1] var rådsforsamlinga i Romarriket, og det høgaste rådet til staten i det antikke Roma. Om ein tyder ordet bokstavleg, vil «senat» seie noko slikt som «dei eldres råd eller forsamling».[2] Dei som sat i senatet blei kalla senatorar.[3]

Senatorane hadde i teorien ikkje mykje makt, men i røyndomen utgjorde dei kjernen i den romerske forfatninga. Dette var fordi senatorane anten tilhøyrde eller var under kontroll av dei aller rikaste familiane i Roma. Senatet hadde spesielt mykje makt over statskassa til republikken, og til tilhøvet mellom forbundsfellane i Italia. Senatet eksisterte ikkje som ein fast organisasjon i kongetiden og den tidlege republikken.

Etter 339 f.Kr., då censorane blei pålagt å innrullera dei beste mennene frå alle rangklasser, byrja senatet å fungera som ein organisasjon. Etter kvart som eliten blant plebeiarane smelta saman med patrisiarane, blei senatet det leiande statsorganet for den nye adelen, nobiliteten. Som rådsforsamling hadde senatet opphavleg berre auctoritas, men ikkje makt, potestas. Senatet var samansett av rundt 300 menn, menn som tidlegare hadde hatt embete, og dei tente på livstid. Senatet var òg hierarkisk. Dei som hadde høgast rang var ekskonsulane, og blant dei var det førstemannen i senatet, princeps senatus som rangerte høgast, og som få torde å tale imot. For å nå den høgaste rangen i senatet måtte ein ha utmerkt seg på den politiske banen, og spesielt som militær leiar.

Senatet var òg det viktigaste bindeleddet mellom menneske og gudar, og det kontrollerte åtferda til romarane andsynes eller mot gudane. Senatet tok seg rett til å erklæra unntakstilstand i krisetider

Under Sulla blei talet på senatorar auka til 600. Desse 300 senatorane blei seinare fjerna av Augustus då republikken gjekk mot slutten.

EttermæleEndra

Då representative folkeforsamlingar skaffa seg makt på bekostning av kongemaktene etter den engelske, amerikanske og franske revolusjonen i opplysningstida i Europa og Amerika (og seinare i resten av verda), blei det romarske senatet sett på som noko ideelt. Det fungerte som ei inspirasjonskjelde for grunnlovene i desse landa. Latinskoleutdanninga, som hadde stor innverknad på grunnlovsfedrane i desse landa, er i stor grad i skuld i at desse ideane var så kjende. Skiljet mellom keisar og senat blei gjerne noko optimistisk tolka som ein parallell til skiljet mellom folk og monark, der senatet blei identifisert som «folket».

ReferansarEndra

  1. «senat» i Nynorskordboka.
  2. «senate (n.)», Online Etymology Dictionary
  3. «senator (n.)», Online Etymology Dictionary

LitteraturEndra