Illustratør
Illustratør er eit yrke der ein lagar illustrasjonar, det vil seie bilete med eit klart formål eller bodskap, til dømes til bøker, tekstar [1] og teikneseriar.[2] Når ein er illustatør, er det mest vanleg å jobbe frilans, men nokre illustratørar er òg tilsette i bokforlag, reklamebyrå eller medieverksemder. [2] [3] Ein illustratør bør ha talent og interesse innan teikning og jobbar med visuell kommunikasjon.[2] [3]
Arbeidsppgåver
endreEin illustratør er ikkje like fri som ein biletkunstnar, men gjer oppdrag frå ein arbeidsgjevar.[2] Som illustratør kan ein arbeide med profilering av verksemder, bokillustrasjon/-design, emballasje, identitetsbygging, redaksjonell illustrasjon og design, plakatar, skriftdesign og kalligrafi, reklame, skilting, strategisk design, animasjon, teikneseriar, webdesign, multimedia, film & TV.[3]
Løna til ein illustratør kan variere etter om ein er fast tilsett eller jobbar frilans. Andre faktorar som speler inn er utdanning, erfaring, oppdraga og tilknytingsforhold.[3] Spesielt i byrjinga av karrieren er det opp til illustratøren sjølv å skaffe seg kontaktnettverk. [2]
Mange illustratørar er sjølvlærte og har opparbeidd seg kompetanse gjennom praktisk arbeid. [2]
Nokre norske illustratørar
endre- Erik Werenskiold (1855-1938), illustrerte norske folkeeventyr og kongesogene
- Theodor Kittelsen (1857–1914), illustrerte norske folkeeventyr og dikt
- Dagny Tande Lid (1903-1998), illustrerte ektemannen Johannes Lid sine oppslagsverk om norsk flora
- Torbjørn Egner (1912-1990), illustrerte sine eigne barnebøker, t.d. Kardemomme by og Hakkebakkeskogen
- Kjell Aukrust (1920-2002), illustrerte sine eigne bøker om Flåklypa
- Vivian Zahl Olsen (f. 1942), illustrerte m.a. barnebøkene om Flode
- Fam Ekman (f. 1946)
- Philip Newth (f. 1950), illustrerte m.a. bøkene til Roald Dahl
- Akin Duzakin (f. 1961)
- Marvin Halleraker (f. 1962), avisillustratør i Bergens Tidende, Vårt Land og Morgenbladet
- Stian Hole (f. 1969)
- Øyvind Torseter (f. 1972)
Andre kjende illustratørar
endre- Jessie Willcox Smith (1863-1935), amerikansk illustratør
- Mary GrandPré, amerikansk illustratør, kjend for å ha illustrert dei amerikanske Harry Potter-bøkene.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Illustratør på Store Norske Leksikon
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Yrke og karriere: Illustratør på Utdanning.no, 19. okt 2012.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Yrker: Illustratør Arkivert 2011-11-29 ved Wayback Machine. på Jobbfeber.no, 2010-05-04.
Bakgrunnsstoff
endre- Jobbfeber.no om iIllustratøryrket Arkivert 2011-11-29 ved Wayback Machine.
- Norske illustratører presentert på Grafill sin nettstad Arkivert 2005-09-08 ved Wayback Machine.
- Norske bokillustrasjonar og -illustratører (dømer frå Tegnerforbundets bibliotek)
- Europeisk illustratørforum (på engelsk) Arkivert 2007-07-13 ved Wayback Machine.
- Tysk illustratørorganisasjon
- Flamske illustratører (gallerier) Arkivert 2007-01-22 ved Wayback Machine.