Carl Bundi

Carl Balthazar Bundi (fødd 10. august 1842) var ein norsk boktrykkar, pressemann og stortingsmann, fødd i Kristiania.

Carl Bundi
Fødd 10. august 1842
Død

14. mai 1926 (83 år)

Yrke politikar

Bundi var son til ein konditor innvandra frå Sveits. Sjølv var han i 1861 utlært typograf og arbeidde då som typograf i fødebyen fram til 1867. År 1867 flytta han til Kragerø og tok næring som boktrykkar, der han same året grunnla avisa Vestmar. Han var redaktør i avisa, som støtta partiet Venstre, i nær 50 år.

Bundi vart medlem av bystyret i Kragerø første gongen i 1883. Han var ordførar i byen 1895-1901, og forlikskommissær 1898-1900. Bundi møtte første gongen på Stortinget frå 21. juli 1897 og ut sesjonen, sameleis i 1899 frå 10. mai. Begge gongane var han varamedlem frå valkrinsen Kragerø. Perioden 1900-1903 representerte han same krinsen på Stortinget, var då medlem av gasje- og pensjonskomiteen.

KjelderEndra