Opna hovudmenyen

Carl Eduard Rotwitt

dansk politikar

Carl Eduard Rotwitt (fødd 2. mars 1812 i Hillerød, død 8. februar 1860 i København)[1]var ein dansk jurist, amtmann og politikar. Han var statsminister i Danmark og justisminister frå 2. desember 1859 til han dødde 8. februar 1860.

Carl Eduard Rotwitt
Carl Eduard Rotwitt.jpg
Fødd 2. mars 1812
Hillerød
Død

8. februar 1860
København

Yrke politikar

Rotwitt kom inn i Folketinget i 1849 og slutta seg til Bondevennernes Selskab.

Etter at regjeringa Hall gjekk av peika Fredrik VII han ut til statsminister.[1]

UtmerkingarEndra

Rotwitt blei riddar av Dannebrogordenen i 1853 og fekk Dannebrogordenens heiderstekn i 1858.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 C.E. Rotwitt frå Dansk biografisk leksikon, 3. utgåve 1979-1984, (vitja 4. februar 2014)
  Denne Danmarkartikkelen som har med politikk å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.