Carn
(Omdirigert frå Carn - A link between the Celtic Nations)
Carn er eit tidsskrift gjeve ut av Celtic League, og har undertittelen - A link between the Celtic Nations. Tidsskriftet har kome ut sidan 1973, og fremjer dei keltiske språka og fremjer full eller delvis sjølvråderett eller sjølvstende for dei keltiske nasjonane. Alle utgjevingane sidan nummer 1 i 1973, er elektronisk tilgjengelege.[1]
Carn | |||
Oppretta | 1973 | ||
---|---|---|---|
Språk | engelsk, fleire språk | ||
Nettstad | http://celticleague.net/carn/ |
Tidskriftet er publisert på engelsk, men har og artiklar på dei seks keltiske språka walisisk), irsk, skotsk-gælisk, manx (det keltiske målet på øya Man), kornisk (Cornwall) og bretonsk (Bretagne) med omsettingar og samandrag på engelsk. I ei årrekkje har tidsskriftet hatt eit kart av dei ulike keltiske områda på framsida med namnet deira på det historiske heimemålet.
Redaktørar
endreFrå 1973 har desse vore redaktørar:
- Frang MacThòmais (1973–74), skotte
- Pádraig Ó Snodaigh 1974–77), ire
- Cathal Ó Luain (1977–81), ire
- Pedyr Pryor (1981–84), kornisk
- Pat Bridson (1984–2013), manx
- Rhisiart Tal-e-bot: (2013- ), kornisk
Kjelder
endre- ↑ http://www.celticleague.net/carn/ Henta 19. august 2019.