Pádraig Ó Snodaigh

Pádraig Ó Snodaigh (fødd i 1935 i Carlow) er ein irsk historikar, forfattar, forleggjar og aktivist for irsk mål. Han har tidlegare arbeidd for Irish Electricity Supply Board og for National Museum of Ireland. Ó Snodaigh har tidlegare vore leiar for Conradh na Geilge, den irske målrørsla.

Pádraig Ó Snodaigh

Statsborgarskap Irland
Fødd 1935 (89 år)
Yrke skribent og forleggjar
Ektefelle Cliodhna Cussen
Born Aengus Ó Snodaigh

Rónán Ó Snodaigh
Rossa Ó Snodaigh
Colm Ó Snodaigh
Cormac Ó Snodaigh
Feargus Ó Snodaigh

Familie endre

Pádraig Ó Snodaigh er gift med kunstnaren Cliodhna Cussen. Dei er busette i Howth rett nord for Dublin, og saman har dei seks søner. Aengus Ó Snodaigh er politikar og parlamentsrepresentant frå ein Dublinvalkrins for Sinn Féin. Dei tre brørne Rónán Ó Snodaigh, Rossa Ó Snodaigh og Colm Ó Snodaigh spelar i det kjende folkemusikkinspirerte world-music-bandet Kíla[1]. Dei to siste brørne, Cormac Ó Snodaigh og Feargus Ó Snodaigh har tidlegare drive eit sikringsfirma. Familien Ó Snodaigh er ein av dei mest kjende "kulturfamiliane" i Irland.[2]

Kulturarbeid og forfattarskap endre

Pádraig Ó Snodaigh var redaktør for det irskspråklege magasinet Pobal (Samfunnet) saman med Mícheál Ó Bréartún frå 1970 til 1973. Frå 1974 til 1977 var han redaktør for Carn - A link between the Celtic Nations[3], tidsskriftet til den pan-keltiske kulturnasjonalistorganisasjonen Celtic League. Han har og redigert fleire utgåver av det irske litteratur-, politikk- og filosofitidsskriftet Lasair (flamme). I 1980-skipa han forlaget Coiscéim (mjukomslag/paperback), som han har drive heilt fram til no - dei seinare åra, med mykje støtte frå sonen Feargus. På dette forlaget har han publisert kring 1500 irskspråklege bokutgjevingar i stor sjanger- og temabreidd: fagbøker, populærvitskaplege bøker og debattbøker innanfor historie- og politikkfeltet, barnebøker, underhaldnings- og humorbøker og bøker om irsk språk og kultur.[4]

Han har og skrive og redigert ei rad bøker og pamflettar, ogso slike som er gjevne ut på større og meir etablerte forlag. Blant publiseringane hans finst både lyrikk[5] noveller, historiske essays og historiske kjeldesamlingar. I 2006, ti år før hundreårsjubileet for påskeopprøret i 1916 byrja forlaget hans å gje ut serien Macallai na Casca - ein serie om påskeopprøret. Fram til 2018 hadde Coiscéim publisert 22 utgjevingar i denne serien. Nummer 19 (2016) inneheld ein artikkel om omtala av påskeopprøret i norske aviser medan opprøret pågjekk, skrive av historikaren Roar Madsen og statsvitaren Per Overrein.[6]

To av dei mest kjende utgjevingane hans Hidden Ulster, Protestants and the Irish language (som har kome i fleire utgåver) og Two Godfathers of Revisionism. 1916 in the revisionist canon (1991). Den fyrste er ein historisk gjennomgang og diskusjon av den sterke posisjonen irsk språk hadde historisk sett blant prostestantar frå Ulsterprovinsen og av den sterke innsatsen mange av desse gjorde for å verna og fremja irsk språk i tidlegare irsk historie. Den andre av desse titlane er ein skarp kritikk av den til tider sterke antinasjonalistiske trenden (revisjonismen) blant irske historikarar, personifisert ved to av dei mest kjende, F. X. Martin og Francis Shaw. Denne historiografiske tradisjonen oppstod alt på 1930-talet, og var dominerande frå 1960-talet til 1990-talet. I dette arbeidet diskuterer han og Eugene Kamenka's arbeid om nasjonalisme. Båe desse titlane er mykje nytta og referert til i akademiske publikasjonar om irsk historie. Saman med den amerikanske historikaren Arthur Mitchell har Ó Snodaigh ogso redigert to band av Irish Political documents, gjevne ut på Irish Academic Press. Eit av banda dekkjer perioden frå 1869 til 1916, og det andre dekkjer 1916-1949. I september 2019 vart han æresdoktor i keltisk litteratur ved University College Dublin (UCD).

Politisk og intellektuell orientering endre

Pádraig Ó Snodaigh har vore og er ein framståande kulturnasjonalist og målstrevar i Irland. Han er òg ein politisk nasjonalist med klåre irske republikanske sympatiar. Hans irske republikanske nasjonalisme er og tydeleg venstreorientert og marxistisk inspirert. Han har og vore ein EU-kritikar heilt sidan EEC-tida på 1960-talet. Tidleg på 1970-talet deltok han i den venstreorienterte Common Market Study Group, saman t.d. med Anthony Coughlan. I tillegg til å vera historikar er Ó Snodaigh ogso breitt filosofisk, sosiologisk og statsvitskapleg orientert, ogso i retning av norske arbeid innanfor desse vitskapsfaga. På 1970-talet vitja han og Noreg, og vart påverka av Hans Skjervheim sine faglege arbeid og særleg Deltakar og tilskodar (1976). Han er og godt kjend med Stein Rokkan sine empiriske arbeid og hans teoribygging kring historiske politiske skiljeliner i europeisk politikk.

Engelskspråklege publikasjonar endre

  • Ireland and the Common Market. A second Act of Union? Dublin, Common Market Study Group, 1972.
  • Hidden Ulster. Dublin : Clodhanna Teo, 1973. (Reviderte utgåver kom ut i 1977 og 1995).
  • Modern literature in Irish. Survival, revival, arrival. London, Connolly Association, 1987.
  • Irish Political Documents: 1916-1949. Blackrock, Irish Academic Press 1985?
  • Irish Political Documents, 1869-1916 Dublin, Irish Academic Press, 1989?
  • Two Godfathers of Revisionism. 1916 in the Revisionist Canon. Dublin, Fulcrum Press, 1991.
  • The Irish volunteers 1715-1793. A list of the units. Blackrock, Irish Academic Press, 1995.

Kjelder endre

  1. Om Kíla, sjå artikkel i engelskspråkleg Wikipedia - https://en.wikipedia.org/wiki/K%C3%ADla Lese 17. august 2019.
  2. Sjå fjernsynsprogram om kulturfamilien Ó Snodaigh frå fjernsynskanalen TG4 på Youtube, https://www.youtube.com/watch?v=SQYUSb27XqI (NB) Reklame ved filmstarten.
  3. Carn har nettstaden http://www.celticleague.net/carn/ Henta 16. august 2019.
  4. Forlagsnettsidene til Coiscéim http://www.coisceim.ie/ (henta 16. august 2019) inneheld oversyn over alle publiserte bøker og hefte, sortert etter utgjevingsår.
  5. Sjå og høyr diktopplesingar av Ó Snodaigh. 1) Drochblas an Athar Troy (Fader Troy sitt skrøpelege palass) lese i 2015 i University College Dublin Library Special Collections Reading Room. I Irish Poetry Reading Archive https://www.youtube.com/watch?v=MNmTV5IVCpw 2) Nóta Léirmheastóireachta (Kritisk merknad) lese i 2015 same stad og ogso i Irish Poetry Reading Archive https://www.youtube.com/watch?v=hnVO9kX_YA8 3) Grafton Street, lese same stad 2015 ogso i Irish Poetry Reading Archive https://www.youtube.com/watch?v=537S0VMmlCw
  6. Sjå http://www.coisceim.ie/macallai19.html Lese 16. august 2019.