Carole Montillet
Carole Montillet (fødd 7. april 1973) er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Grenoble. Ho vart olympisk meister i utfor under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City.
Carole Montillet | |
Fødd | 7. april 1973 (49 år) Grenoble |
Yrke | alpinist, racerbilfører, politikar, bedriftsleiar |
Carole Montillet på Commons |
I tida februar 2001 til februar 2004 vann Montillet åtte renn i verdscupen i alpine greiner, fire i super-g og fire i utfor. Vinteren 2002 vann ho ikkje eit einaste verdscuprenn, derimot kunne ho stige heilt til topps på sigerspallen etter utfortevlinga i vinter-OL, som klar vinnar framom Isolde Kostner frå Italia. Montillet sikra seg i 2003 FIS-pokalen som verdas beste super-g-utøvar. Under VM i alpine greiner 2005 i Bormio var ho med på det franske seksmannslaget som tok bronsen i lagtevlinga.
Ho la opp etter 2006-sesongen.