Carolina Gynning
Carolina Gynning (fødd 6. oktober 1978 i Malmö) er ein svensk programleiar, forfattar, glamourmodell og vinnar av svensk Big Brother 2004.
Carolina Gynning | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 6. oktober 1978 (46 år) Helsingborgs Maria församling |
Yrke | modell, journalist, sjølvbiograf, programleiar, bloggar, realitydeltaker |
Mor | Agneta Gynning |
Carolina Gynning på Commons |
Gynning deltok i ei live-sending i den norsk-svenske Big Brother 2005. Ho var programleiar på svensk Idol i 2007 og var den svenske programleiaren i den skandinaviske TV-serien Hitmakers i 2008. Same året hadde ho ein eigen serie på svensk TV med namnet I huvudet på Gynning. Ho har skrive sjølvbiografien «Ego girl», som handlar om då ho som 17 åring vart oppdaga som modell og møtet med sex og narkotika i modellverda.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |