Carolina Evelyn Klüft, (fødd 2. februar 1983) er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Sjömarken, som tevla internasjonalt i mangekamp og lengdehopp. Ho vart olympisk meister i sjukamp i 2004, verdsmeister tre gongar på rad 2003-07, samt europameister i 2002 og 2006, også desse titlane i sjukamp. Dessutan vann ho i femkamp innandørs VM-gull i 2003 og EM-gull i 2005 og 2007.

Carolina Klüft


Statsborgarskap Sverige
Fødd 2. februar 1983 (41 år)
Sjömarken
Idrett friidrett
Tok del i Friidrett under Sommer-OL 2008 – Lengdehopp damer, Friidrett under Sommer-OL 2004 – Sjukamp damer, 2000 World Junior Championships in Athletics – women's heptathlon, Junior-EM i friidrett 2001, 2002 European Athletics Indoor Championships – women's pentathlon, 2002 World Junior Championships in Athletics – women's heptathlon, 2002 European Athletics Championships – women's heptathlon, 2003 IAAF World Indoor Championships – women's pentathlon, 2003 European Athletics U23 Championships – women's long jump, 2003 World Championships in Athletics – women's heptathlon
Utmerkingar Q10524027
Carolina Klüft

Klüft vann gullmedaljen i sjukampen i EM i friidrett 2002 med ny verdsrekord for juniorar, 6 542 poeng. Året etter vart ho ved friidretts-VM 2003 den tredje sjukjemparen som skåra over 7 000 poeng, då ho vann gullmedaljen med 7 001 poeng.

Under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka sette ho med 7 032 poeng samstundes europeisk rekord, ein rekord som gjeld i 2014, berre verdsrekordhaldar Jackie Joyner-Kersee med 7 291 har høgre poengskår.

Klüft vann 22 sjukamp- og femkamptevlingar på rad frå mars 2002, ein periode der ho tok ni gullmedaljer etter kvarandre i internasjonale meisterskap.

Kjelder

endre