Opna hovudmenyen

Caroline Amalie (Caroline Amalie av Augustenborg) (fødd 28. juni 1796 i København, død 9. mars 1881 i København) var gift med Kristian Fredrik av Noreg i det andre ekteskapet hans. Da han blei konge av Danmark som Christian VIII i 1839 vert ho dronning av Danmark.

Caroline Amalie av Danmark
Carolineamaliedenmark.jpg
Måleri av Louis Aumont
FøddCaroline Amalie av Augustenborg
28. juni 1796
København
Død9. mars 1881 (84 år)
København
TittelDronning av Danmark
Regjeringstid1839-1848
FøregangarMarie Sophie av Noreg og Danmark
EtterfylgjarLouise av Hessen-Kassel
Hus eller slektAugustenburg og Oldenburg
LandTyskland, Danmark
MorLouise Augusta av Danmark
FarFredrik Kristian II av Holstein-Augustenburg
EktefelleChristian VIII

Caroline Amalie var dotter av Frederik Christian II av Holstein-Augustenburg og Louise Augusta.[1] Frederik Christian II var leiar av hertugslekta Augustenborg. Louise Augusta var dotter av dronning Caroline Mathilde av Danmark-Noreg og Johann Friedrich Struensee. [1][2]

Kristian Fredrik og Caroline Amalie gifta seg på Augustenborg slott 22. mai 1815.[3] Ekteparet fekk ingen born.

Ho var sterkt knytt til krinsen kring N.F.S. Grundtvig og stifta mellom anna ein asylskole for born i København.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 Caroline Amalie (1796 - 1881) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon
  2. Louise Augusta frå De Danske Kongers Kronologiske Samling
  3. Lars Roar Langslet: Christian Frederik, Konge av Norge (1814), konge av Danmark (1839–48). Del II side 12, J.W. Cappelens Forlag 1999 ISBN 82-02-18449-5