Opna hovudmenyen

Caroline Graham Hansen

norsk fotballspelar

Caroline Graham Hansen (fødd 18. februar 1995) er ein norsk fotballspelar frå Oslo. Ho har pr 31.7.2017 spelt 51 landskampar og skåra 15 mål. Hansen, som er ein finslipt teknikar, spelte EM-finalen 2013 mot Tyskland der det vart norsk tap med 0-1.

Caroline Graham Hansen
20150426 PSG vs Wolfsburg 036.jpg
Fødd 18. februar 1995
Oslo
Yrke fotballspelar
Caroline Graham Hansen på Commons

Hansen debuterte på Stabæk IF i 2010 og spelte på laget til ho hausten 2013 gjekk over til det svenske topplaget Tyresö. Ho treivst ikkje og vende tilbake til Stabæk IF våren 2014. I juli 2014 fekk ho kontrakt med VfL Wolfsburg og har sidan då spelt for det tyske topplaget.

På det norske landslaget har finte- og dribleflinke Hansen oftast teke plass på høgrevengen i angrepet. Ho debuterte for Noreg 26. oktober 2011 og var med i den norske fyrsteellevaren under Fotball-EM 2013 i Sverige. Både i 2015 og -16 var ho plaga av skadar, og kom ikkje med i VM-troppa 2015. Derimot deltok ho då Noreg tapte alle tre gruppespelkampane i Fotball-EM 2017, der ho mellom anna mislukkast i å skåre på straffespark i kampen mot Danmark.

MerittarEndra

  • EM-sølv: 2013
  • Norsk seriemeister: 2010, 2013 med Stabæk IF
  • Noregsmeister: 2011, 2012, 2013 med Stabæk IF
  • Tysk cupmeister: 2015, 2015 og 2017 med VfL Wolfsburg
  • Tysk seriemeister: 2017 med VfL Wolfsburg

KjelderEndra