På Guldfågeln Arena i Kalmar vann Noreg 1-0 over Tyskland i ein gruppespelkamp etter skåring av Ingvild Isaksen, Tysklands fyrste tap i ein EM-kamp på 20 år
Semifinalen mellom Noreg og Danmark vart spelt på Nya Parken i Norrköping
Finalen vart spelt på Friends Arena i Solna
Tysklands kaptein, målvakta Nadine Angerer, vart kåra til årets spelar i Europa 2013

Europameisterskapen i fotball 2013 var den 11. europameisterskapen i fotball for kvinner. For tredje gong fann meisterskapen stad i Sverige. Tittelforsvarar Tyskland vart europameister etter siger 1-0 over Noreg den 28. juli 2013 i Solna. Det var sjette gong på rad Tyskland vann EM-finalen.

Meisterskapsturneringa vart arrangert i Sverige i tida 10.-28. juli 2013. Kampane vart avvikla på sju ulike stader; Göteborg, Norrköping, Halmstad, Kalmar, Linköping, Växjö og Solna.

GruppespeletEndra

Dei tolv kvalifiserte deltakarlanda var delt i tre grupper à fire lag. Omframt vertslandet Sverige deltok Danmark, England, Finland, Frankrike, Island, Italia, Nederland, Noreg, Russland, Spania og Tyskland. Spania var med i sitt fyrste europameisterskap, elles var dei elleve andre deltakarlanda også med i det forrige EM i 2009. Frå gruppespelet til kvartfinalane gjekk dei to beste laga i gruppene og dei to tredjeplasserte med flest poeng, eventuelt målskilnad.

Gruppe AEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Sverige 3 2 1 0 9–2 7 7
2   Italia 3 1 1 1 3–4 −1 4
3   Danmark 3 0 2 1 3–4 −1 2
4   Finland 3 0 2 1 1–6 −5 2
10. juli 2013
Italia   0–0   Finland Örjans Vall, Halmstad
Tilskodarar: 3 011
Dommar: Teodora Albon (Romania)
Rapport

10. juli 2013
Sverige   1–1   Danmark Gamla Ullevi, Göteborg
Tilskodarar: 16 128
Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland)
Fischer   35' Rapport Knudsen   26'

13. juli 2013
Italia   2–1   Danmark Örjans Vall, Halmstad
Tilskodarar: 2 190
Dommar: Esther Staubli (Sveits)
Gabbiadini   55'
Mauro   60'
Rapport Brogaard   66'

13. juli 2013
Finland   0–5   Sverige Gamla Ullevi, Göteborg
Tilskodarar: 16 414
Dommar: Cristina Dorcioman (Romania)
Rapport Fischer   15', 36'
Asllani   38'
Schelin   60', 87'

16. juli 2013
Sverige   3–1   Italia Örjans Vall, Halmstad
Tilskodarar: 7 288
Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn)
Manieri   47' (sm.)
Schelin   49'
Öqvist   57'
Rapport Gabbiadini   77'

16. juli 2013
Danmark   1–1   Finland Gamla Ullevi, Göteborg
Tilskodarar: 8 360
Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina)
Brogaard   29' Rapport Sjölund   87'

Gruppe BEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Noreg 3 2 1 0 3–1 2 7
2   Tyskland 3 1 1 1 3–1 2 4
3   Island 3 1 1 1 2–4 −2 4
4   Nederland 3 0 1 2 0–2 −2 1
11. juli 2013
Noreg   1–1   Island Guldfågeln Arena, Kalmar
Tilskodarar: 3 867
Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn)
Hegland   26' Rapport Viðarsdóttir   87' (str.)

11. juli 2013
Tyskland   0–0   Nederland Myresjöhus Arena, Växjö
Tilskodarar: 8 861
Dommar: Silvia Spinelli (Italia)
Rapport

14. juli 2013
Noreg   1–0   Nederland Guldfågeln Arena, Kalmar
Tilskodarar: 4 256
Dommar: Teodora Albon (Romania)
Gulbrandsen   54' Rapport

14. juli 2013
Island   0–3   Tyskland Myresjöhus Arena, Växjö
Tilskodarar: 4 620
Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland)
Rapport Lotzen   24'
Okoyino da Mbabi   55', 84'

17. juli 2013
Tyskland   0–1   Noreg Guldfågeln Arena, Kalmar
Tilskodarar: 10 346
Dommar: Esther Staubli (Sveits)
Rapport Isaksen   45+1'

17. juli 2013
Nederland   0–1   Island Myresjöhus Arena, Växjö
Tilskodarar: 3 406
Dommar: Cristina Dorcioman (Romania)
Rapport Brynjarsdóttir   30'

Gruppe CEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Frankrike 3 3 0 0 7–1 6 9
2   Spania 3 1 1 1 4–4 0 4
3   Russland 3 0 2 1 3–5 −2 2
4   England 3 0 1 2 3–7 −4 1
12. juli 2013
Frankrike   3–1   Russland Nya Parken, Norrköping
Tilskodarar: 2 980
Dommar: Jenny Palmqvist (Sverige)
Delie   21', 33'
Le Sommer   67'
Rapport Morozova   84'

12. juli 2013
England   2–3   Spania Linköping Arena, Linköping
Tilskodarar: 5 190
Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina)
Aluko   8'
Bassett   89'
Rapport Boquete   4'
Hermoso   85'
Putellas   90+3'

15. juli 2013
England   1–1   Russland Linköping Arena, Linköping
Tilskodarar: 3 629
Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland)
Duggan   90+2' Rapport Korovkina   38'

15. juli 2013
Spania   0–1   Frankrike Nya Parken, Norrköping
Tilskodarar: 5 068
Dommar: Carina Vitulano (Italia)
Rapport Renard   5'

18. juli 2013
Frankrike   3–0   England Linköping Arena, Linköping
Tilskodarar: 7 332
Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland)
Le Sommer   9'
Nécib   62'
Renard   64'
Rapport

18. juli 2013
Russland   1–1   Spania Nya Parken, Norrköping
Tilskodarar: 2 157
Dommar: Jenny Palmqvist (Sverige)
Terekhova   44' Rapport Boquete   14'

SluttspeletEndra

KvartfinalarEndra

21. juli 2013
Sverige   4–0   Island Örjans Vall, Halmstad
Tilskodarar: 7 468
Dommar: Kirsi Heikkinen (Finland)
Hammarström   3'
Öqvist   14'
Schelin   46', 59'
Rapport

21. juli 2013
Italia   0–1   Tyskland Myresjöhus Arena, Växsjö
Tilskodarar: 9 265
Dommar: Katalin Kulcsár (Ungarn
Rapport Laudehr   26'

22. juli 2013
Noreg   3–1   Spania Guldfågeln Arena, Kalmar
Tilskodarar: 10 435
Dommar: Bibiana Steinhaus (Tyskland)
Gulbrandsen   24'
Paredes   43' (sm.)
Hegerberg   64'
Rapport Hermoso   90+3'

22. juli 2013
Frankrike   1–1 (e.e.o)
2–4 (str.)
  Danmark Arena Linköping, Linköping
Tilskodarar: 7 448
Dommar: Carina Vitulano (Italia)
Necib   71' (str.) Rapport Rasmussen   28'


SemifinalarEndra

24. juli 2013
Sverige   0–1   Tyskland Gamla Ullevi, Göteborg
Tilskodarar: 16 608
Dommar: Esther Staubli (Sveits)
Rapport Marozsan   33'

25. juli 2013
Noreg   1–1 (e.e.o)
4–2 (str.)
  Danmark Nya Parken, Norrköping
Tilskodarar: 9 260
Dommar: Kateryna Monzul (Ukraina)
Christensen   3' Rapport Gajhede   87'

FinalenEndra

Finalen mellom Tyskland og Noreg vart spelt på Friends Arena i Solna 28. juli 2013 framfor 41 301 tilskodarar. Dei fekk sjå Tysklands målvakt Nadine Angerer stoppe eit dårleg plassert straffespark frå Trine Rønning i det 29. minutt. Innbytar Anja Mittag vart matchvinnar for Tyskland i det 49. minutt, ettersom Angerer redda eit nytt norsk straffespark då kampen var ein time gammal, denne gongen eit heller svakt skot frå Solveig Gulbrandsen.

Vinnarlaget frå Tyskland mønstra: Nadine Angerer (kaptein), Leonie Maier, Annike Krahn, Saskia Bartusiak, Jennifer Cramer, Nadine Keßler, Lena Goeßling, Lena Lotzen, Dzsenifer Marozsán, Simone Laudehr, Célia Okoyino da Mbabi. Anja Mittag vart bytta inn frå pausen og Bianca Schmidt i det 77. minutt, høvesvis Lotzen og Laudehr var då ferdigspelte.

Noregs lag bestod av: Ingrid Hjelmseth, Maren Mjelde, Trine Rønning, Marit Fiane Christensen, Toril Akerhaugen, Ingvild Stensland (kaptein), Solveig Gulbrandsen, Cathrine Dekkerhus, Caroline Graham Hansen, Ada Hegerberg og Kristine Hegland. Elise Thorsnes, Ingvild Isaksen og Leni Kaurin tok plass i Noregs mannskap frå det 68., 76., og 85. minutt, ut gjekk etter tur Gulbrandsen, Stensland og Christensen.

Dommar var Cristina Dorcioman frå Romania.

KjelderEndra