Castro Marim (uttalt ˈkaʃtɾu mɐˈɾĩ) er ein liten by og kommune i Algarve i Portugal.[1] I 2011 hadde han eit folketal på 6 747.[2] Arealet til kommunen er 300,84 km².[3]

Castro Marim
kommune
Flagg
Våpenskjold
Land  Portugal
Region Algarve
Distrikt Faro
Areal 300,84 km²
Folketal 6,747  (2011)
Kart
Castro Marim
37°13′00″N 7°27′00″W / 37.216666666667°N 7.45°W / 37.216666666667; -7.45
Wikimedia Commons: Castro Marim
Nettstad: http://www.cm-castromarim.pt

Etter å ha lege under maurisk styre blei byen erobra for dei kristne av Palo Peres Correia under reconquista i 1242.

Viktige næringsvegar har tradisjonelt vore landbruk, fiske og handel, med nærleiken til Andalucia ein viktig faktor. Castro Marim hadde eit høgdepunkt som hamn på 1500- og 1600-talet. Under restaurasjonskrigen på 1600-talet blei borga i byen bygd opp att på ordre frå Johan IV.

Castro Marim blei stygt øydelagd under Lisboa-jordskjelvet i 1755. Etter denne tida gjekk han tilbake i tyding, mellom anna på grunn av avleiringar rundt hamneområde og veksten til ein ny by bygd i nærleiken, Vila Real de Santo António.

Festdagen for kommunen er 24. juni. Castro Marim held også ein årleg mellomalderfestival i slutten av august. Her deltek til dømes musikarar, dansarar, bogeskytarar, vevarar og smedar med tilknyting til mellomaldertradisjonar.

Den spanske musikaren Paco de Lucía laga eit album kalla Castro Marín til ære for mor si, Lucia Gomes, som var frå staden.

Kjelder endre

  1. Detail Regional Map, Algarve- Southern Portugal, ISBN 3-8297-6235-6
  2. Instituto Nacional de Estatística
  3. Direção-Geral do Território, arkivert frå originalen 29. september 2014, henta 24. mai 2015 

Bakgrunnsstoff endre