Vila Real de Santo António

Vila Real de Santo António er ein by og kommune i Algarve i Portugal.[1] Han har litt over 19 000 innbyggjarar (2011).[2] Han ligg ved elva Guadiana.

Vila Real de Santo António
Land  Portugal
Region Algarve
Distrikt Faro
Areal 57,53 km²
Folketal 18 158
Kart
Vila Real de Santo António
37°12′00″N 7°25′00″W / 37.2°N 7.4166666666667°W / 37.2; -7.4166666666667
Wikimedia Commons: Vila Real de Santo António
Munningen av Guadiana og Vila Real de Santo António (midt i bildet).

Vila Real har eit areal på 61,25 km².[3] Han er ein av få kommunar i Portugal som er stykka opp i to delar, med Castro Marim imellom. Administrasjonssenteret ligg i den mindre austlege delen.

Kommunen er ein av dei tettast folkesette i Algarve, med ein folketettleik som ligg over det nasjonale gjennomsnittet. Vila Real har kyst mot Atlanterhavet og omfattar fleire kilometer med samanhengande sandstrender. I aust ligg elva Guadiana og grensa til Spania. Overfarten mellom Vila Real og spanske Ayamonte var tidlegare den raskaste vegen mellom Andalucía og Portugal.

Fiskarbåt i Monte Gordo i Vila Real de Santo António.

I mange hundreår var Castro Marim den einaste større byen Portugal hadde ved grensa mot Spania. 30. desember 1773 gav Josef I eit kongeleg dekret om å byggja ein ny by ytst på Algarve. Han skulle mellom anna erstatta fiskarlandsbyen Santo António de Arenilha, som var blitt jamna med jorda udner jordskjelvet i Lisboa i 1755. Den nye kongelege byen (vila real blei utbygd i åra 1774-1776 med arkitektur og konstruksjonsmåtar lik dei brukte i gjenoppreisinga av Lisboa etter jordskjelvet. Mange bygningar blei konstruerte andre stader, tekne frå kvarandre og frakta til den nye byen, der dei raskt kunne reisast som «ferdighus». Vila Real tok raskt over tyding frå Cacela i nærleiken, som hadde gått tilbake på grunn av det øydeleggjande jordskjelvet og åtak frå sjørøvarar.

I 1886 var Vila Real den første byen i Algarve som fekk gasslykter. På midten av 1900-talet gjekk fiske tilbake som næringskjelde medan turisme blei stadig viktigare. Dei lange strendene gjorde byen attraktiv både for portugisiske og internasjonale tilreisande, og det blei bygd mange hotell, barar og eit kasino.

Kjelder endre

  1. Detail Regional Map, Algarve- Southern Portugal, ISBN 3-8297-6235-6
  2. Instituto Nacional de Estatística
  3. Direção-Geral do Território, arkivert frå originalen 29. september 2014, henta 20. mai 2015 

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen som har med Portugal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.