Ceahlăumassivet er ei av dei mest kjende fjellkjedene i Romania. Ho ligg i Dei austlege Karpatane i Neamț fylke i regionen Moldavia. Dei to største toppane er Toaca (1904 moh) og Ocolașul Mare (1907 moh). Ho grenser i aust til elva Bistrița og Bicazsjøen og i sør til Bicazelva.

Ceahlăumassivet
fjellkjede
Ocolașul Mare
Land  Romania
Del av divisions of the Carpathians
Kart
Ceahlăumassivet
46°57′18″N 25°56′45″E / 46.955°N 25.9457°E / 46.955; 25.9457
Wikimedia Commons: Ceahlău Mountains

Sør for fjellkjeda ligg byen Bicaz. I nord kan ein òg nå Ceahlău frå Durău.

Det er mange segner knytt til Ceahlăumassivet, og på grunn av dette vert det stundom kalla «Den rumenske Olympos (Ólymbos)».

Natur endre

 
Ceahlău - Piatra Lată din Ghedeon

Ceahlău nasjonalpark vernar dyre- og plantelivet i fjellet. Nokre av artane er endemiske eller sjeldne andre stader i Romania. Inngangen til nasjonalparken er ved landsbyen Izvorul Muntelui, 12 km nordaust for Bicaz.

Kjelder endre