Cebuano, òg kjend som sugboanon, er eit austronesisk språk som vert talt på Filippinene av omtrent 20 millionar filippinarar. Cebuano er ei undergruppe av språkfamilien bisaya (visayan, binisayâ). Språket har namnet sitt frå den filippinske øya Cebu, med det spanske suffikset -ano, som markerer 'høyrer til'. Cebuano har fått som ISO 639-2 trebokstavskode ceb, men har ingen ISO 639-1 tobokstavskode. Cebuano er eit tonespråk.

Cebuano
Sugboanon
Klassifisering Austronesisk
 Malayopolynesisk
  Borneofilippinsk
   Mesofilippinsk
    Sentralfilippinsk
     Binisayansk
      Cebuano
Bruk
Tala i  Filippinane
Cebuanotalande i alt 20 000 000[1]
Språkkodar
ISO 639-2 ceb
ISO 639-3 ceb
Wikipedia på cebuano
Utbreiinga av cebuanos på Filippinane. Mørkeblå er område der ein majoritet snakkar cebuano. Lyseblå område er der 25 %–50 % snakkar cebuano.

Cebuano vert talt av innbyggjarane i provinsane Cebu, Bohol, Negros Oriental, på dei vest- og sørvende delane av øya Leyte, og over store deler av Mindanao. Det vert òg talt på nokre få stadar eller småøyer nær Samar. Fram til 1975 var det fleire filippinarar som talte cebuano som førstespråk frå barnsbein enn dei som hadde tagalog som morsmål.

Nokre dialektar av cebuano gjev andre namn på språket. Folk på Bohol kallar ofte talemålet sitt for bol-anon, medan cebuanotalande på Leyte kan kalla dialekten sin kana.

Kjelder endre