Celina Midelfart

Celina Midelfart (fødd 12. februar 1973) er ei norsk forretningskvinne fødd i Oslo. Midelfart har ein bachelorgrad i finans. Ho har studert økonomi ved London School of Economics og Stern School of Business i New York og hadde også eitt år ved gourmetskulen Cordon Bleu i Paris. Familien Midelfart har eigd eit internasjonalt kosmetikkonsern sidan 1923. Sidan 1999 har Celina Midelfart vore administrerande direktør i Midelfart Holding AS, eit privat forvaltningsselskap. Ho er også styreformann i investeringsselskapet Midelfart Invest AS og i Midelfart Capital AS. Då far hennar Finn Erik Midelfart døydde, arva Celina familiebedrifta saman med stemora si Tove Kvammen og systera si Hermine Midelfart. I 2006 selde ho familiebedrifta til svenske Wilh. Sonesson AB for 425 millionar kroner.

Celina Midelfart
Fødd 12. februar 1973 (48 år)
Oslo
Yrke forretningsdrivande