Celio
Celio (latin Collis Caelius) er ein av dei sju høgdene i Roma. Under regjeringstida til Tullus Hostilius vart heile folkesetnaden i Alba Longa flytta til Celio med tvang. I følgje ei segn gjenfortalt av Titus Livy fekk åsen namnet sitt frå Caelius Vibenna, anten fordi han oppretta ein busetnad her, eller fordi venen hans Servius Tullius ønskte å æra han etter han døydde.
Under Den romerske republikken var Ceilo eit fasjonabelt bustadområde og ein stad der dei rike budde. Arkeologiske utgravingar under badet Caracalla har vist restane etter overdådige villaer med med komplette veggmåleri og mosaikk. Basilikaen Santi Giovanni e Paolo og den antikke basilikaen Santo Stefano Rotondo, kjend for det sirkulære planet i midten, står på Celio.
Bakgrunnsstoff
endre- Samuel Ball Platner, A Topographical Dictionary of Ancient Rome: Caelian Hill (Celio)
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Caelian Hill frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: