Central River Region

(Omdirigert frå Central River Division)

Central River Region (tidlegare Central River Division) er eit av seks forvaltingsområde i den vestafrikanske staten Gambia. Regionen omfattar Local Government Area Janjanbureh og Local Government Area Kuntaur.

Central River Region
region
Land  Gambia
Hovudstad Janjanbureh
Kart
Central River Region
13°34′15″N 14°57′47″W / 13.570833°N 14.963056°W / 13.570833; -14.963056

Geografi

endre

Regionen på 2895 km² ligg på begge breidder av Gambiaelva. Regionen er vidare inndelt i ti distrikt. I 2013 hadde han eit estimert folketal på 207 574 innbyggjarar.[1] I vest grensar han til Lower River Region og North Bank Region og i aust til Upper River Region. Det administrative senteret er i Janjanbureh, som ligg på Janjanbureh-øya, og utgjer sitt eige distrikt, Janjanbureh. Den største byen er Bansang i Fulladu West-distriktet, med 8 535 innbyggjarar.

Distrikt

endre

Dei ti distrikta er Lower Saloum, Upper Saloum, Nianija, Niani, Sami, Niamina Dankunku, Niamina West, Niamina East, Fulladu West og Janjanbureh.

Busetnader

endre

Dei største busetnadane er:

  • Bansang, 8535
  • Brikama Ba, 4204
  • Janjanbureh, 3998
  • Madina Umfally, 3145
  • Kuntaur, 3074
  • Sami, 3040
  • Jarreng, 3037
  • Kundang, 2555
  • Kerewan Samba Sira, 2283
  • Saruja, 2196

Folkesetnad

endre

Ifølgje ei undersøking frå 1993[2] (den dåverande folketeljinga) var den største folkegruppa mandinka, som utgjorde kring tre tidelar av folkesetnaden, følgd av fula- og så voloffolk. Fordelinga i detalj var: 29,5 % mandinkafolk, 37,2 % fulaniar, 26 % voloffolk, 0,6 % jolafolk, 4,1 % serahule, 0,4 % sererfolk, 0,1 % aku, 0,3 % manjago, 0,6 % bambara og 1,2 % andre folkeslag.

Kjelder

endre
  1. Central River Region ved bevoelkerungsstatistik.de
  2. Population by Ethnicity, by Settlement and Local Government Area. (Gambians Only) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. november 2012