Upper River Region

Upper River Region (tidlegare Upper River Division) er eit av seks forvaltingsområde i den vestafrikanske staten Gambia. Regionen tilsvarar Local Government Area Basse.

Upper River Region
region
Land  Gambia
Hovudstad Basse Santa Su
Areal 2 070 km²
Folketal 198 773 (2010)
Kart
Upper River Region
13°23′40″N 14°10′31″W / 13.394444°N 14.175278°W / 13.394444; -14.175278

Geografi

endre

Regionen på 2070 km², med det administrative senteret sitt i Basse Santa Su i distriktet Fulladu East, er vidare inndelt i fire distrikt. I 2013 hadde han eit estimert folketal på 202 153 innbyggjarar.[1] Regionen er den austlegaste i landet, og grensar berre til Central River Region, i tillegg til riksgrensa til Senegal.

Distrikt

endre

Dei fire distrikta er Fulladu East, Kantora, Wuli og Sandu.

Busetnader

endre

Dei største busetnadane er:

  • Basse Santa Su, 11.859
  • Sabi, 9987
  • Gambissara, 9859
  • Garowol, 8272
  • Allunhari, 5784
  • Demba Kunda, 5156
  • Kularr, 4314
  • Diabugu, 4196
  • Koina, 4089
  • Numuyel, 3994

Folkesetnad

endre

Ifølgje ei undersøking frå 1993[2] (den dåverande folketeljinga) var den største folkegruppa mandinka, som utgjorde kring tre tidelar av folkesetnaden, følgd av fula- og så voloffolk. Fordelinga i detalj var: 33,4 % mandinkafolk, 23,9 % fulaniaar, 0,3 % voloffolk, 0,2 % jolafolk, 40,5 % serahulefolk, 0,2 % sererfolk, 0 % aku, 0,1 % manjago, 0,7 % bambara og 0,6 % andre folkeslag.

Kjelder

endre
  1. Upper River Region ved bevoelkerungsstatistik.de
  2. Population by Ethnicity, by Settlement and Local Government Area. (Gambians Only) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 13. november 2012