Cerro de los Ángeles

Cerro de los Ángeles (Engleåsen) er ein kjend ås i Getafe i Spania, om lag 10 km sør for Madrid. Staden vert rekna som det geografiske midtpunktet på Den iberiske halvøya. På toppen av åsen stod eit kloster frå 1300-talet kalla «Vår frue av englane» (Nuestra Señora de los Ángeles), samt eit monumentet til det heilage hjartet til Jesus] (Monumento al Sagrado Corazón), bygd i 1919 tileigna landet og innvigd av kong Alfonso XIII.

Monumentet bygd etter den spanske borgarkrigen ligg rundt ei kyrkje.

Fleire slag under den spanske borgarkrigen fann stad på åsen og førte til at det opphavlege monumentet vart øydelagd. Kulemerker frå krigen er framleis synleg på Sagrado Corazón-monumentet, samt veggane av klosteret.

Etter krigen flytta regjeringa restane av monumentet over esplanaden og bygde ei større utgåve med ei kyrkje under.

I monumentet ligg vernejomfrua til Getafe (spanske byar har ofte si eiga byjomfru) og staden vert derfor ofte vitja av innbyggjarane i Getafe.

I åssidene veks strandfuru og her ligg parkar, kjelder, stiar, ein bar og ein fotballbane.

Åsen har ei høgd på 670 meter over havet og foten av åsen ligg 610 meter over havet. Området rundt åsen er flatt i alle retningar og ein har derfor flått utsyn over Madrid, Getafe og det omliggande området frå toppen.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cerro de los Ángeles

Kjelder endre