Opna hovudmenyen

Chainsaw Kittens var eit amerikansk alternativ rock-band, som blanda sjangrar som pop, glamrock, punk, new wave og British Invasion.[1][2][3] Tekstande deira omhandla varierte tema som religion, Stonewall-opprøra, Federico Fellini, Oklahoma, Erik Menendez og Oscar Wilde.[1][2]

Chainsaw Kittens
OpphavNorman i Oklahoma
Aktiv1989–2000
Sjangeralternativ rock, glamrock
Tilknytte artistarDefenestration
Halston
PlateselskapMammoth, Atlantic, Echostatic, Spacebaby, Mercury, Scratchie, Four Alarm
MedlemmerTyson Meade
Trent Bell
Matt Johnson
Eric Harmon
Tidlegare medlemmerMark Metzger
Clint McBay
Aaron Preston
Kevin McElhaney
Ted Leader

Dei var baserte i Norman i Oklahoma, og fekk namnet sitt fordi dei var unge og hadde ein gitarlyd som minna om ei «motorsag» (chainsaw).[4]. Chainsaw Kittens var aktive frå 1989 til 2000.[1] Dei debuterte i 1991 med ein stil som av SPIN vart skildra som «The Smiths møter New York Dolls møter djevelen»,[5] og fekk merksemd med sin «bruktbutikk-transvestisme», som dei gjekk bort frå då utsjånaden byrja å overskugge musikken deira.[4]

Sjølv om Kittens aldri slo igjennom medan dei var aktive, har dei sidan vorte omtalte som eit av dei beste amerikanske banda som aldri slo igjennom i den alternative rockerørsla i 1990-åra.[1][2]

Innhaldsliste

DiskografiEndra

AlbumEndra

EParEndra

  • High in High School (Mammoth, 1992)
  • Angel on the Range (Mammoth, 1993)
  • Candy for You (Scratchie, 1996)

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Raggett, Ned. «Chainsaw Kittens Biography». Allmusic. Henta 14. desember 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Sinclair, Tom. «Chainsaw Kittens». Trouser Press. Henta 14. desember 2011. 
  3. Thompson, Dave (2000). Alternative Rock. Milwaukee,Wis.: Hal Leonard Corporation. s. 248–249. ISBN 0879306076. 
  4. 4,0 4,1 Barsotti, Mark (3 March 1994). «The Kittens' Meow». Denver Westword. Henta 14. desember 2011. 
  5. Greer, Jim (January 1991). «Chainsaw Kittens - Violent Religion». SPIN. Henta 14. desember 2011.