Federico Fellini (20. januar 192031. oktober 1993) var ein italiensk filmregissør og manusforfattar, rekna som ein av dei viktigaste filmskaparane frå etterkrigstida. Fellini var med på å starta neorealismen innan italiensk film, men danna seinare ein særeigen, personleg stil som blanda vanlege situasjonar og draumeaktige bilete. Fellini blei internasjonalt kjend for La Strada ('Landeveien') frå 1954, som fekk Oscarprisen for beste utanlandske film. Deretter vann La Dolce vita (1960) hovudprisen i Cannes, medan Le notti di Cabiria (1957), 81/2 (1963) og Amarcord (1974) vann fleire oscarprisar.

Federico Fellini

Fødd20. januar 1920
FødestadRimini
Død31. oktober 1993 (73 år)
DødsstadRoma
Aktive år1945–1992
Verka somfilmregissør, manusforfattar, satiriker, teikneserieteiknar, skribent, regissør
EktefelleGiulietta Masina
PrisarPraemium Imperiale, Æres-Oscar, BAFTA Award for Best Production Design, Blue Ribbon Awards for Best Foreign Film, Bodilprisen, Gullpalmen, David di Donatello for beste regi, David Luchino Visconti, David di Donatello per la migliore sceneggiatura originale, David René Clair, Directors Guild of America, Den europeiske filmprisen for livslang innsats, Film Society of Lincoln Center, French Syndicate of Cinema Critics Awards, Sølvbåndet for beste regi, Sølvbåndet for beste filmmanus, Sølvbånd for beste emne, Kansas City Film Critics Circle Awards 1966, Kinema Junpo, Moscow International Film Festival awards, New York Film Critics Circle Awards, Sant Jordi Prize, SESC Film Festival, Filmfestivalen i Venezias store jurypris, Gulløven for livsverk, Knight Grand Cross of the Order of Merit of the Italian Republic, Republikken Italias fortjenstorden, kommandør av Æreslegionen, Sølvløven, Oscar for beste fremmedspråklige film, David di Donatello, Sølvbåndet

Bakgrunn endre

Federico Fellini var fødd i Rimini i 1920. Som attenåring flytta han til Firenze og året etter, i 1939, til Roma, der han ønskte å bli humoristisk teiknar. Han bidrog med teikningar og forteljingar til magasinet Marc'Aurelio. Under andre verdskrigen skreiv han manus for radioskodespelet Cico e Pallina. Her spelte Giulietta Masina, som Fellini blei kjend med og gifta seg med i 1943. Masina skulle spela i nokre av dei største filmane hans.

Med nokre vennar grunnla han ein butikk som selde fotografi, portrett, karikaturar og lydopptak til allierte soldatar frå andre verdskrigen. Her blei Fellini kjend med regissøren Roberto Rossellini, og blei med på å skriva manuset til Roma città aperta (1945), det best kjende dømet på italiensk neorealisme. Fellini skreiv filmmanus til ei rekkje italienske regissørar, som Pietro Germi (Il cammino della speranza, 1950), Alberto Lattuada (Senza pietá, 1948), Luigi Comencini (Persiane chiuse 1951), og fleire for Rosselini, som Paisà, Il miracolo og Europa '51.

Regissør endre

Etter fleire samarbeid med Rosselini debuterte Fellini sjølv som regissør med Luci del varietà i 1951, som han laga med Alberto Lattuada, og åleine med Lo sceicco bianco i 1952. I vitelloni (1953), om yrkeslause unggutar i provinsane, er rekna som eit meisterverk av kritikarar.

Med oscarvinnande La strada innleidde Fellini ein trilogi som tok for seg uskuld og frelse i ei vondskapsfull verd. Filmen nytta det aude landskapet mellom Viterbo og Abruzzo til å understreka det tomme tilhøvet mellom hovudrollane i filmen. La Strada blei kritisert av venstrepressa i Italia, men fekk mykje ros i utlandet.

 
Trevi-fontenen er del av ein kjend scene frå La dolce vita.

La Dolce vita frå 1960 var ei satirisk skildring av sosietetsliv i Roma. Fleire landemerke i byen, som hovudgata Via Veneto, blei med i filmen, og han var den første der Marcello Mastroianni spelte for Fellini. Filmen var dårleg likt av italienske styresmakter og den katolske kyrkja, men vann gullpalmen ved filmfestivalen i Cannes.

Otto e mezzo eller 8 1/2 frå 1963 handlar om ein kjend regissør med skaparsperre. Tittelen viser til talet på filmar Fellini hadde laga til då. Filmen er rekna som ei perfekt blanding av symbolisme og realisme, og blei utropt til den beste europeisk filmen nokonsinne av eit ekspertpanel i 1987.

I seinare filmar tok Fellini for seg myter rundt Roma, film og sitt eige liv, mykje blanda med fantasi. Seinare filmar fekk mindre overveldande mottakingar. Casanova frå 1976 blei både lovprist som ein fest for augo og kritisert som innhaldslaus.

Dei siste åra av livet produserte Fellini reklamefilmar for fjernsyn, som på sin måte viser eit sterkt tak på filmografi og populærkultur. Han stilte også ut skisser og notatbøker med nedskrivne draumar som avslørte undermedvitet som ei viktig kjelde til verket hans.

Filmografi endre

Filmar skrivne og regisserte av Fellini:

Prisar og utmerkingar endre

 
Plakett til minne om Fellini og La dolce vita i Via Veneto.

Federico Fellini blei utnemnd til riddar, Cavaliere di Gran Croce Ordine al Merito della Repubblica Italiana, i 1987.

Fellini vann 8 oscarprisar og blei nominert 23 gonger. Han fekk ein æresoscar i 1993.

Kjelder endre

  • «Fellini, Federico», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2010 
  • «Fellini, Federico», Britannica Book of the Year, 1994, Encyclopædia Britannica Online, 2010 
  • «Fellini, Federico», World Encyclopedia, Philip's, 2008