Charles «Charlie» Vernon er basstrombonist i Chicago Symphony Orchestra (CSO) og professor i trombone ved DePaul- og Northwestern-universitetet i Illinois i USA.

Han har utdanning frå Brevard College og Georgia State University. Hovudlærarane hans var basstrombonisten Edward Kleinhammer og tubaisten Arnold Jacobs, begge tidlegare medlemer av Chicago Symphony Orchestra.

Vernon byrja i symfoniorkesteret i Chicago i 1986, han kom då frå Philadelphia Orchestra, der han hadde spelt sidan 1981. Før det spelte han i Baltimore Symphony frå 1971 til 1980 og i San Francisco Symphony frå 1980 til 1981.

Charles Vernon er klinikk-artist for Selmer Instrument Company og ein hyppig gjesteartist for International Trombone Association, og han har gjort mange solo-konsertar verda over. I april 1991 framførte han verdspremiera av Ellen Taaffe Zwilich sin konsert for basstrombone saman med CSO. I 2006 var det premiere på «Chick 'a' Bone Checkout», ein ny konsert for alt-, tenor- og basstrombone, komponert av Christian Lindberg.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra