Charlie Souza
Charlie Souza (fødd 24. januar 1948) er ein USA-amerikansk bassist, vokalist, musikar, låtskrivar og produsent. Han er mest kjend som bassist i Mudcrutch.
Charlie Souza | |||
Fødd | 24. januar 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tampa, Florida | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock and roll | ||
Instrument | bass, vokal | ||
Tilknytte artistar | Mudcrutch, The New Rascals, The Tropics | ||
Verka som | musikar, produsent, låtskrivar |
Karriere
endreSouza turnerte med The New Rascals, i lag med Dino Danelli og Gene Cornish frå The Rascals, og Bill Pascali (tidlegare i Vanilla Fudge 2001) frå 2006 til 2011.
Han har òg turnert og samarbeidd med musikarar som Tom Petty, Greg Allman, Bill Champlin, Mike Pinera, Malcolm Jones og Joe Lala frå Blues Image, Cactus, White Witch, Gale Force med produsenten Wayne Henderson frå The Jazz Crusaders, Floyd Red Crow Westerman, Leon Patillo, The Darrell Mansfield Christian Band, komikaren Fred Willard og The Tropics.
Souza har gjeve ut soloalbuma Live Your Dream og 9 Ball in the Corner Pocket, i lag med den tidlegare Robin Trower-trommeslagaren Bill Lordan, og Tropics-gitaristen Eric Turner.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Charlie Souza» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: