Opna hovudmenyen

Robin Leonard Trower (fødd 9. mars 1945) er ein engelsk gitarist og vokalist som vart kjend med Procol Harum i 1960-åra og sidan som bandleiar i sin eigen powertrio.

Robin Trower
RobinTrower.jpg
Trower i 2009
Fødd9. mars 1945 (74 år)
FødestadCatford, South East London i England
FødenamnRobin Leonard Trower
OpphavStorbritannia
Aktiv1962 til i dag
SjangerRock, blues, blues-rock
InstrumentGitar
Kjende instrumentSignature Model Stratocaster
Tilknytte artistarProcol Harum, The Paramounts, Jack Bruce
PlateselskapChrysalis, Atlantic
Verka somMusikar, vokalist, låtskrivar, bandleiar

I 1962 danna Trower gruppa som vart The Paramounts, som etter kvart fleire framtidige medlemmar i Procol Harum spelte i. The Paramounts vart oppløyst i 1966. Trower vart med i Procol Harum etter den store suksessen deira med singelen «A Whiter Shade of Pale» i 1967 og vart verande i bandet på fem album fram til 1971.

Før han starta sitt eige band, vart han med songar Frankie Miller, bassist James Dewar og tidlegare Jethro Tull-trommis Clive Bunker i det kortvarige bandet Jude.[1]

Med seg i sitt eige band beheldt Trower Dewar som bassist og tok med seg trommeslagar Reg Isidore (seinare erstatta av Bill Lordan).

Trower var ein gitarist som inspirerte andre gitarheltar som Robert Fripp[2]

Tidleg i 1980-åra slo Trower seg saman med tidlegare Cream-bassist Jack Bruce og dei tidlegare trommeslagarane sine Lordan og Isidore, for to album, BLT (Bruce, Lordan, Trower) og Truce (Trower, Bruce, Isidore).[3]

Tretten album seinare kom albumet Living Out of Time (2003), med Dave Bronze på bass, vokalist Davey Pattison (tidlegare med Ronnie Montrose sitt band Gamma) og Pete Thompson å trommer.

I 2007 spelte Trower inn eit tredje album med Jack Bruce, Seven Moons, med Gary Husband på trommer.

Han held framleis på med turnelivet.

DiskografiEndra

Med Procol HarumEndra

Med Robin Trower BandEndra

Med Bryan FerryEndra

Med Jack BruceEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 233. CN 5585. 
  2. «Fripp on Trower». Procolharum.com. 19. november 1996. Henta 12. mai 2012. 
  3. 3,0 3,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 776–777. ISBN 1-84195-017-3. 
  4. «Recording Industry Association of America». RIAA. Henta 12. mai 2012. 
  5. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 1005–1006. ISBN 1-84195-017-3. 

BakgrunnsstoffEndra