Charlotte's Web

(Omdirigert frå Charlottes tryllevev)

Charlotte's Web (norsk tittel Charlottes tryllevev) er ei amerikansk barnebok frå 1952 skriven av E.B. White og illustrert av Garth Williams. Boka handlar om grisen Wilbur og venskapen hans med vevkjerringa Charlotte. Boka vart svært populær, er rekna som ein moderne klassikar i USA, og appellerer både til born og vaksne. I 2000 oppførte Publishers Weekly boka som den mest selde barneboka nokosinne.

Charlottes tryllevev
Charlotte’s Web
Forfattar(ar)E. B. White
Språkengelsk
Sjangerbarneroman, eventyr
Utgjeven1952
ForlagHarper
IllustratørGarth Williams

Handling endre

Boka byrjar med at purka til bonden John Arable føder eit kull med grisungar, og bonden oppdagar at ein av dei er mindre og svakare enn dei andre. Han bestemmer seg for å avlive grisungen, men den åtte år gamle dottera hans, Fern, bed faren om å spare livet til grisungen. Faren gjev henne grisungen som eit kjæledyr og jenta gjev grisen namnet Wilbur. Grisungen er hyperaktiv og er alltid på utforsking etter nye ting. Han bur med Fern i nokre veker og vert seinare selt til onkelen hennar, Homer Zuckerman. Fern vitjar grisen Wilbur hjå onkelen så ofte ho kan, men ho kjem gradvis sjeldnare innom etter kvart som ho vert eldre, og Wilbur kjenner seg gradvis meir einsam. Grisen vert etter kvart kjent med vevkjerringa Charlotte.

Wilbur kjem med i ein fellesskap av dyr som bur i kjellaren i fjøset til Zuckerman. Når ein gamal sau i kjellaren seier at Wilbur kjem til å verte slakta og eten opp til jul, søkjer Wilbur hjelp frå Charlotte. Vevkjerringa får ideen om å skrive ord i vevet hennar der ho framhevar kor framifrå Wilbur er, og grunngjev med at dersom ho klarer å gjere Wilbur kjent nok vil han unngå å verte slakta. Takka vere hjelpa frå Charlotte og rotta Templeton, overlever Wilbur og fer attpå til eit fesjå der han vinn ein pris. Charlotte døyr på fesjået sidan ho har nådd enden av den naturlege levetida si. Wilbur gjengjelder Charlotte ved å ta eggsekken ho la under fesjået før ho døydde med seg heim. Når egga til Charlotte klekker i fjøset til Zuckerman reiser dei fleste av vevkjerringane av garde for å bu andre stader, utanom tre av dei: Joy, Aranea og Nellie, som vert verande i lag med Wilbur.

Filmatisering endre

Boka har vorte filmatisert to gonger. Fyrst i 1973 med Debbie Reynolds i hovudrolla som Charlotte. Henry Gibson spelte Wilbur, og komikaren Paul Lynde spelte Templeton. I 2006 vart boka filmatisert på nytt og Dakota Fanning spelte rolla som Fern.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre