Opna hovudmenyen
Gris

Status i verda: Husdyr

Gris
Gris

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Artiodactyla
Familie: Suidae
Slekt: Sus
Art: S. scrofus
Vitskapleg namn
Sus scrofa domesticus

Gris eller tamgris (Sus scrofa domesticus) er ein underart av villsvin (Sus scrofa). Han vart domestisert parallelt i Kina og Europa for om lag 9 000 år sidan (Giuffra et al., 2000), og i dag finst det om lag 940 millionar tamgrisar. Tamgrisen er ein altetar (omnivor), noko som tyder at han et både plante- og animalsk føde.

Innhaldsliste

TyparEndra

Grisar vert delte opp i to hovudtypar: mini-gris og landsvin

HengebuksvinEndra

 
Duroc-gris

Hengebuksvin er svart-brun av farge, og er veldig hard og tjukk i huda. Desse er vanlege å bruke som husdyr, ettersom dei kan lærast opp til for eksempel ikkje å late vatnet inne, og er veldig folkeglade dersom dei får sjansen.


LandsvinEndra

 
Landsvin

Landsvin er den vanlegaste rasen, og er gjerne den rasen ein forbinder med ordet gris. Han er rosa av farge og er den mest brukte i landbruket i dag. Han er òg mjukare i huda, og har ein krøll på halen.

For å få eit saftig men magert kjøtt, så har ein for nokre år tilbake begynt å krysse inn den amerikanske rasen duroc. Durocen er brun, og har feitet lagra i kjøttet (marmorert).

NorocEndra

Ein Noroc har ein far som er halvt landsvin og halvt duroc, og ei mor som er halvt landsvin og halvt yorkshire-gris. Rasen er avla fram av Gilde og Norsvin og blir berre nytta i Edelgris-produkta frå Gilde.

BakgrunnsstoffEndra