Charolles
Charolles | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Bourgogne-Franche-Comté Saône-et-Loire | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 19,98 km² | ||
Flatevidd - By |
19,92 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
3 048 153/km² | ||
Koordinatar | 46°26′N 04°17′E / 46.433°N 4.283°E | ||
Høgd over havet | 327 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 71120 | ||
Heimeside: www.autun.com |
Charolles er ein liten by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Saône-et-Loire i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 3 000 innbyggjarar.
Charolles ligg der elvane Semence og Arconce renn i hop, 60 km nordvest for Mâcon.
Historie
endreCharolles var hovudstad i Charolais, ein gamal inndeling av Frankrike, som frå 1300-talet vart eit grevskap. I 1327 gjekk grevskapet via giftarmål til Hertugen av Armagnac, og i 1390 vart det seld til Filip av Burgund. Etter Karl den modige, som i sin ungdom hadde tittelen hertug av Charolais, vart han teken av Louis XI av Frankrike, men i 1493 vart han avstått av Karl VIII til Maximilian I av Austerrike, som representerte Burgundfamilien. Etter kvart gjekk byen vidare til dei spanske kongane, og lenge var det strid om byen mellom Frankrike og Spania, før han i 1684 vart overlatt til Louis II de Bourbon, ein kreditor for den spanske kongen. Byen kom til slutt inn under den franske krona i 1771.