Mâcon
Mâcon er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Saône-et-Loire i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 35 000 innbyggjarar.
Mâcon | |||
---|---|---|---|
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Bourgogne-Franche-Comté Saône-et-Loire | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 27,04 km² | ||
Flatevidd - By |
27,04 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
34 469 1 275/km² | ||
Koordinatar | 48°18′N 04°50′E / 48.300°N 4.833°E | ||
Høgd over havet | 175 m | ||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 71000 | ||
Heimeside: www.macon-bourgogne.com |
History
endreByen vart grunnlagd som Matisco på 100-talet fvt. og vart rask eit travelt vegkryss. Byen låg på grensa mellom Frankrike og Det tysk-romerske rike frå 843 til 1600, og blømde som følgje av tolloppgåvene han fekk. Mâcon vart ein skanse for hugenottar på 1500-talet. I 1790 vart Mâcon hovudstad i departementet Saône-et-Loire. Motstandsrørsla var delvis aktive her under den andre verdskrigen og var den første byen i den franske sona mellom Paris og Lyon.
Økonomi
endreOmrådet produserer vin, som Pouilly-Fuissé. Byen har òg støyperi og fabrikkar som produserer motorsyklar, elektrisk utstyr og klede. Byen trekk òg til seg turistar, særleg til gamlebyen frå 1400-talet.
Tour de France har ofte løype gjennom Mâcon på veg ned frå Alpane.